Pressebrief Høivik, Svinvik, Buan og With Wullum

Reåpning for 1.-4. trinn og SFO i Surnadal 27. april:

Skulestart måndag: – Vi er godt i rute

Det blir vanleg skuletid og to vaksne per gruppe på rundt 15 barn når skulane i Surnadal reåpnar etter koronastenginga.

Ingressfoto: Arkivbilete frå pressebriefen om åpning av barnehagar i Surnadal førre veke.


– Vi brukte god tid og jobba mykje med barnehageordninga, og har dermed gode samarbeidskonstellasjonar og strukturar på plass. Vi har og hatt felles beredskapsmøter med alle einingane innan oppvekst, og det samarbeidet dreg vi stor nytte av no.

Det seier Astrid Mogstad Høivik, kommunalsjef for oppvekst i Surnadal kommune. På eit digitalt pressetreff torsdag ettermiddag kunne ho fortelle at alle skulane i kommunen åpnar måndag 27. april.

I tillegg til at det blir vanleg skuletid, vil det vere ein meter mellom pultane, og skulebussane vil gå til normal tid. Her blir det restriksjonar i form av at ungane må sitte på annakvart sete og gå inn den midterste døra på bussen.

– Så lenge vi har berre 1.-4. klasse på skulen, vil trykket på skyss vere mindre enn om vi åpna for heile barneskulen. Likevel ber vi dei som har mulegheit til det, vurdere om dei kan gje ungane skyss sjølve, slik at vi får endå færre ungar på bussane.

Oppvekstsjefen fortel at dei mange og tilpassa tiltaka som no vert gjort for å legge til rette for reåpninga, alle er i tråd med smittevernrettleiaren for barnetrinnet. Den kom måndag 20. april.

– Vi har hatt ei knapp veke på få alt klart, og meiner vi er godt i rute, seier Høivik.

Ho fortel at 238 barn startar på skulane i Surnadal over helga, og at kommunen har fått tilbakemelding om berre ein eller to som blir heime.

– Og det kan det vere anna grunnar til enn at dei er bekymra, seier Høivik, og legg til:

– Det at vi har fått så få tilbakemeldingar om ungar som vert heime på måndag, vitnar om at foreldra nok, basert på dei gode erfaringane frå barnehagestarten, føler seg relativt trygge.

Smittevernrettleiaren gjev råd om grupper på om lag 15 barn, og Høivik fortel at det i Surnadal vil vere både mindre grupper, og enkelte grupper på 15-17 elevar.

– Dei fleste gruppene våre vil vere på 15 elevar eller mindre, med om lag to vaksenpersonar per gruppe. Vi har leigd inn ekstra med folk og kalla inn alle som ikkje driv fjernundervisning. Så vi skal klare å halde gruppene ganske godt frå kvarandre med den bemanninga vi har no, seier ho.

Høivik fortel at smittevernrettleiarane for skule og barnehage er ganske like, og at den store forskjellen er nettopp storleiken på gruppene.

– Ein tillèt større grupper jo eldre ungane blir, og det har rett og slett med den generelle bemanningsnormen, seier ho.
 

Startar forsiktig med SFO

Når det gjeld skulefritidsordninga (SFO), vert den reåpna med same åpningstid som barnehagane; 8.00-14.30. Enkelte ungar, der foreldra har samfunnskritiske yrker, vil kunne vere på SFO og utover desse tidene.

– Vi vel å starte litt forsiktig med SFO, for å ha nok bemanning til kjerneverksemda, som er skuletida, seier Astrid Mogstad Høivik.

Ho fortalte på pressetreffet at ho er glad for at kunnskapsminister Guri Melby (V) onsdag kveld gjekk ut med at koronaforskrifta vert endra, slik at kommunene får større handlingsrom når det gjeld åpningstid.

Høivik er klar på at dei eksisterande smittevernreglane og -råda framleis i aller høgste grad gjeld:

– Både i barnehage, skule og SFO gjeld dei vanlege reglane om god handhygiene, avstand og det at folk skal halde seg heime viss dei er sjuk, seier ho, og legg til:

– Vi er og heilt avhengige av innbyggarane elles si atferd dersom vi skal lykkast med ei gradvis reåpning av samfunnet. Det er det ingen tvil om.


Stor tillit til kommunen sitt opplegg

På spørsmål frå Trollheimsporten om kva ho tenkjer om at dei aller, aller fleste ungane i kommunen kjem tilbake til skulane måndag, og dermed og signaliserer tillit til kommunen sitt opplegg, svarar Høivik slik:

– Eg tykkjer det er veldig bra for ungane. Det har vore gjort ein kjempegod jobb av einingsleiarane, og vi i kriseleiinga får og tilbakemeldingar om at innbyggjarane føler dei blir sett og ivareteke.

Kommunedirektør Knut Haugen følgjer opp med ros til Høivik:

– Astrid, som kommunalsjef, fortener og verkeleg ros for den jobben som er gjort. Først klarte vi å etablere ein digital skule bortimot over natta. Der viste både elevar, foreldre, lærarar og heile sektoren ein heilt vanvittig omstillingsevne, seier han.

Haugen viser deretter til at denne omstillingsevnen er nødvendig igjen no, som barnehagar, skular og SFO skal reåpnast.

– Og den viljen er på plass no og. Det er gjort eit fantastisk bra arbeid på kort tid, og eg føler meg trygg på at skulen blir veldig bra når den åpnar igjen. Det er på grunn av at det er mange dyktige folk i sving, og på grunn av omstillingsvillige barn og foreldre, seier kommunedirektøren.

Ordførar Margrethe Svinvik (Sp) støttar Haugen i rosen.

– Det har vorte gjort veldig godt arbeid så langt, og eg trur vi er veldig godt rusta for å møte det som kjem framover. Vi er avhengige av at vi samarbeider godt med foreldra, slik at ungane føler seg trygge, seier ho.

Svinvik fortalte for øvrig på pressetreffet at dei to personane i Surnadal som har fått påvist koronasmitte, no er ute av isolasjon. Det er gjort fleire testar, i tråd med nasjonale retningslinjer, men ingen fleire har fått påvist smitte.

– Vi har vore heldige, seier ordføraren, som er tydeleg på at det framleis er snakk om eit langsiktig dugnadsarbeid for heile lokalsamfunnet:

– Det vi har no er eit godt utgangspunkt, så skal vi ta det som kjem etter kvart, og følge opp ungar, foreldre og alle andre på ein så god måte som muleg. Framover blir det ekstra viktig med tett dialog og respekt for den enkelte, og ikkje minst det at vi alle kjenner på at dette er noko vi skal klare saman.