skolebarn

- så var det på’n igjen

Skulestart, sykkeltrim og open leikestad

Surnadal kommune har oppdatert sidene sine med nyttig informasjon no som ferien byrjer å runde av.

Skulestart ved grunnskulane i Surnadal

Rådmannen informerer om at alle elevar byrjar torsdag 19.08.10.

- Bæverfjord oppvekstsenter, 1.-7.trinn kl. 08.30.
- Bøfjorden oppvekstsenter, 1.-7.trinn kl. 08.45.
- Mo oppvekstsenter, 1.-7.trinn kl. 08.30.
- Stangvik oppvekstsenter, 2.-7.trinn kl. 08.30, 1.trinn kl. 11.00.
- Todalen oppvekstsenter, 1.-7.trinn kl. 08.30.
- Øye skule 1.-7.trinn, kl. 09.15.
- Surnadal ungdomsskule, 8.-10.trinn kl. 09.00.
 
 
Open leikestad opnar att 26. august
Nye og gamle brukarar er hjarteleg velkomne til Open leikestad, som er eit tilbod for born i alderen 0-6 år saman med ein vaksen. Tilhaldsstaden er i lokala til fritidsklubben på Skei. Opningstida er torsdagar kl. 10.00-13.30. I tillegg til å vere ein leikestad for born og ein pratestad for vaksne er det sal av mat og drikke.
 
 
Sykkeltrim på torsdag
Sykkeltrimmen byrjar på igjen etter ferien torsdag 19. august. Etter siste registrering vil det bli trekt ut ein heldig vinnar av eit gåvekort frå ein sportsbutikk på 5000 kroner. Siste registrering i år er torsdag 30 september.
 
 
Nytt frå studiesenteret
Studiesenteret Surnadal og Halsa melder om kurs i Barne og ungdomsarbeidarfaget -fleksibel oppstart (H10). Les meir om kursdetaljane her.
 
 
Vegstenging Grytvegen
Einingsleiaren i kommunalteknikk informerer om at Grytvegen blir stengt for kjørande mellom Nistutrøvegen og Korsvegen (nord), i perioden torsdag 19. - onsdag 25. august, på grunn av vegarbeid. Kjøring til og frå eigedomane på strekninga vil bli tillete.
 
 
Les meir og hald deg oppdatert på Surnadal kommune sine heimesider!