Skytestevner i helga
Både unge og eldre skyttarar fartar denne helga rundt mellom tre skytebanar i distriktet vårt. Her er brørne Kjell Arne og Vegard Fjærli frå Bøverdalen skyttarlag ferdige med skytinga si i Rindalshuset.
Håkon T. Gravem (V73), Gunvald Nisja (V65), Arnfinn Kamsvåg (V65) og Nils Hjellmo (V73) frå Sunndal skyttarlag.
Desse fire karane frå Sunndal skyttarlag kjem alle frå øvre delen av Sunndalen som dei fleste av medlemmene i dette laget. No sitt dei og let seg imponere av dei yngre skyttarane, og særleg ungjentene. Dei må ha skarpt syn, seier dei, og kjenner at alderen krev sitt.
Desse karane har lagt att ein utruleg stor dunge hylser på standplassane rundt i ditriktet. Med Nils Hjellmo sine vel 60 år som skyttar, har desse karane saman nær på 200 år bak seg på skytebanen.
To av ungdommane i Rindalshuset var altså Kjell Arne Fjærli (ER) og Vegard Fjærli (R) frå Bæverdalen skyttarlag. Fredagskvelden deltok dei på Hjelmenstevnet. Der sette Vegard pers med 349 p. I Rindalshuset var det Kjell Arne som gjorde det best. Etterpå drog dei til Ångråmyra. Målet til Vegard var å klare minst 345 p der. Han greidde 346, men storebror enda med 348 på Angråmyra, same som i Rindal.
Det er skyting på tre baner i distriktet vårt på søndag også.
Sjå oppslag på Trollheimsporten fredag!
Du kan følge skytinga på monitor i Rindalshuset eller på datamaskina di heime! (http://surnadal-skytterlag.org), ( Rindal skytterlags nettside) og (Hjelmens heimeside).
Gode resultat for ungdommane.
Eline Lillegård gjorde det bra på Angråmyra på skive 1.
Resultatet til Fjærlibrørne på Angromyra.
Her ligg lag 6 i Rindalshuset lørdag.
Guro Øien Bævre hadde skive 6 i Rindalshuset.