Skytingens dag på Ellingmyra
"Ein farfar i livet skull’ alle ha," - i alle fall når ein er på skytebanen for første gong, tykkjer nok Jonas Brunvoll Fiske, 5 1/2 år. Her får han rettleiing av farfar John Fiske, som tykkjer dette er både sunt og sosialt.
Laurdag inviterte Øvre Surnadal Skytterlag til Skytingens Dag på skytebanen sin, Ellingmyra. Regnet tok ein pause under arrangementet, som vart riktig triveleg.
«Restauranten»
Tuva Storholt-Bergmann, 6 1/2 år, prøvde også skyting for første gong.
Resultatet ser ho på skjermen, se også bildet nedafor.
Søster Frida på 5 år fekk også prøve seg.
Jonas og farfar samarbeider.
Hovedarrangementet var ein lagkonkurranse i regi av Gøran Bolme (iTrollheimen). Dei konkurrerte som firemannslag. Det var to omgangar med styting, først og sist. Så var det tre andre øvingar som krevde stor grad av samarbeid.
Laga måtte sjølvsagt ha treffande namn!
Det ble Lag Bananas, Overlaget, Supersterk, Tøffingainn og Prompelaget som stilte.
Lag Bananas var først ute, og alle følgde med dei, slik at dei lærte knep av problema deira. Vi følger dei gjennom øvingane.
1. Skyting, 5 skott.
2. Tårnbygging, 3 minutt. Det er hol i kubbane som kroken skal ta tak i. Så løftar dei kubbane oppå kvaransdre.
3. Fylle eit rør med vatn med auser frå ei bøtte til dei fekk tak i ein bordtennisball som flaut opp i røret.
4. Springe ei kort løype med «promillebriller», som tydelegvis svara til namnet!
5. Skyting, 5 skott, til slutt.
Synne Dalsegg, Ole Dalsegg, Olav Fugelsøy og Knut Tore Kvande.
Laget Tøffingainn vann, 2 poeng framom Overlaget. Supersterk tok tredjeplassen. Her er alle dei yngste som fekk kvar sin pokal.
Pokalen måtte sjølvsagt prøvast!
Her er mesta alle som var på skytebanen Ellingmyra denne laurdagen.
Ledaren av Øvre Surnadal Skytterlag, Alf Strand, og ungdomskontakt Roar Aune kan notere seg eit vellukka arrangement.
Nedafor kan du klikke deg gjennom ein serie bilde frå skytedagen.