Sleakvalp og meir til
Ingrid Løfaldli og Leif Magne Rindalsholt liker også dialektstoffet på Trollheimsporten: - Når det gjeld Sleakvalp er det det ein brukar når ein festar skjekene på ein slede. På utsida av brettet på sleameien er det ei jarnlykkje. Likeeins er det ei lykkje festa i skåkeråsen. Lykkja på skåkeråsen blir stukke inn i lykkja på sledemeien og låst fast med sleakvalpen. Sleakvalpen var tilhogge av ei trekloft, slik at han passa inn i lykkja. Den eine "arma" er litt lenger enn den andre. I dag er det ofte bruka store sjaklar til sleakvalpar.
Fløt kan og brukast om nokon som er snar til å arbeide, som får unda seg arbeidet. "Ein fløt snekkar."
Ein hest som går /spring fort blir kalla fløt.
Når det gjeld å dæl, vil det seie å kritisere.
Eit anna ord som har mesta samme betydninga er å dåssast.

.png)