Målkalas på Skogsletta
Slo serieleiaren klart
Til tross for at Rindal ikkje har vunne ein kamp denne sesongen, og møtte serieleiar Nidaros, hadde heimelaget få problemar med å henta tre poeng. Til tider vart bortelaget rundspelt av eit fintspelande heimelag.
Sjølv om det altså var serieleiar Nidaros som var gjestar på Skogsletta denne vakre junikvelden, var det heimelaget som kom klart best igong, og det skulle ikkje gå meir enn eit kvarter før første ballen satt i nota. Roy Bolme skar inn frå sida og sette ballen kaldt forbi bortelagets burvoktar. 1-0! Heimlaget fortsette med fint kombinasjonspel og høgt tempo, og det var heilt fortent då Brage Storholt sette inn 2-0 etter det som kan betegnas som eit mønsterangrep. Første halve timen av kampen var ein maktdemonstrasjon av heimelaget og slepte ikkje til gjestane i det heile tatt, men det vart ikkje fleir mål før pause.
Etter kvilen slokna heimelaget litt og slepte Nidaros inn i kampen att. Og etter ca. ti minutts spel av 2. omgang, fekk Nidaros redusert til 2 - 1. På dette tidspunktet ikkje ufortent. Etter det sto kampen og vippa litt, men kanskje med eit lite overtak til gjestane.
Men i det 70. speleminutt fekk Roy Bolme eit nydeleg gjennomspel av Anders Løfald, og Bolme hadde få problemer med å auke leiinga til 3 - 1! Dette førte til at bortelaget måtte satsa meir framover, noko som gav heimelaget god plass på kontringane. Torstein Heggem klarte å få pirka ballen i nota, etter å ha dribla vekk eitpar av Nidarosforsvararane. 4 - 1 og kampen var så å seie avgjort.
Siste spikeren i den berømte kista vart hamra inn då Stian Bolme åleine med keeper usjølvisk la ballen på sølvfat til Roy Bolme som netta enkelt for tredje gong! Hattrick på Bolme, altså
Fortset heimelaget slik dei gjorde i denne kampen, ja då kan det bli fleire sjåverdige kampar og mange poeng utover sesongen!
Rindal IL - Nidaros 5 - 1 (2 - 0)
Heimelaget stilte følgjande mannskap (mål i parantes): Anders Grytbakk, Sondre Aune, Jørgen Gjerstad, Håkon S. Mikkelsen, Henrik Folden, Anders Løfald, Torstein Heggem (1), Brage Storholt (1), Stian Bolme, Roy Bolme (3), Harald F. Røen.
Anders Løfald
Tøft spel til tider, men gode vener etterpå! Stian Bolme blir hjulpet på beina etter ein susande takling.
Her set Torstein Heggem inn 4-1!
Rindals "Lucky Charm"? Oddbjørn Heggem kunne fortelja at så lenge han hadde site på den faste plassen sin, hadde ikkje heimelaget tapa. Vi vonar han sit der neste heimekamp òg!