Eli Vullum Kvande og Erik L

Surnadal MDG melder:

Små og mellomstore gardsbruk må verdsettast meir!

17. April er "Verdens småbrukerdag". Vi i MDG ønskjer å sette fokus på at nettopp det, å ta vare på dei små og mellomstore gardane, må bli økonomisk lønsamt. Det er nemleg lønsamt for jorda og naturen også, og vi må ta vare på dei ressursane for framtidige generasjonar. 

17. April er "Verdens småbrukerdag". Den er satt til den datoen for å minnast 19 småbrukarar som blei drepne i Brasil i 1996, for å gje plass til soyaplantasjar. Skutt og drepne av brasiliansk paramilitære, innleid av myndighetene for å rydde plass for store internasjonale selskap. 

Her i landet er det heldigvis ikkje slike forhold, men likevel forsvinn småbrukarane. 

Vi i MDG ønskjer difor å sette fokus på at nettopp det, å ta vare på dei små og mellomstore gardane, må bli økonomisk lønsamt. Det er nemleg lønsamt for jorda og naturen også, og vi må ta vare på dei ressursane for framtidige generasjonar.

I tillegg er landet vårt heilt avhengig av at desse gardsbruka er i drift. Dette for at vi ikkje skal gro ned, at vi held dyrkajorda i god hevd og at vi får større sjølvforsyning. 

MDG ønskjer å sikre inntekter til bøndene gjennom eit sterkare tollvern, og støtte spesielt opp om dei små og mellomstore bruka. Vi frontar eit sterkt jordvern, og ønskjer ikkje nedbygging av matjord og innmarksbeite. Vi ønskjer å gi økonomisk støtte til beiting og premiere miljøvennleg matproduksjon.

Vi må derfor ved hjelp av kvote og tilskotspolitikken satse målretta på dei små og mellomstore bruka. Dette er særleg viktig fordi jordbruksressursane i Noreg er spredt. Ved å ta vare på dei, blir vi mindre sårbare om det kjem "uår", og vi kan arbeide for at sjølvforsyningsgraden vår aukar. 

Politikk er ein ting, men du som forbrukar har og ei makt. MDG ønskjer difor å oppfordre dei som kan, til å støtte opp om REKO-ringen vi har her i bygda, og å kjøpe norsk mat i butikken, der det er eit alternativ. På den måten støttar vi opp om norsk og lokal matproduksjon! Da får du god og trygg mat, med den lågaste antibiotikabruken i Europa med på kjøpet. 

Meld deg gjerne inn i Facebookgruppa "REKO-RINGEN Surnadal og Rindal".
 
Eli Vullum Kvande og Erik L. Moen


Surnadal MDG er medlem av Trollheimsporten.