000 Museet a MYRA Plastbåtar

Småbåtindustri som museumstema

Under tittelen  «Myra Plast - en pioner innen plastbåter i Norge» kåserer Terje Holm og Asbjørn Ersvik om revolusjonen i småbåtbygging frå 1950-talet.

Bildet over: «Myra 23 Fisherman» og «Myra 21 Snekke» var to populære modellar. Her fotografert på Bolgsvaet tidleg på 1970-talet.

Myra Plast starta i 1956 med produksjon av båtar i det nye materialet glassfiberarmert plast og produserte rundt 4000 båtar fram til 1990. Mange frå Kristiansund og distriktet var sysselsette i denne industrien. Det var stor eksport til bl.a. Sverige og Danmark gjennom mange år.

Myra-båt er eit begrep i norsk fritidsbåthistorie. I ein konjunkturutsett bransje har bedrifta hatt ulike eigarar.

000 Museet b Holm Terje_690x872.jpg
Terje Holm har skrive historia om Myra Plast og kåserer på museet søndag.

Terje Holm har skrive Myra-historia i Årbok for Freiøya Historielag 2018, mens Asbjørn Ersvik har vore med på Myra-eventyret frå 1965 fram til slutten i 1990.

På museet sørgjer elles Kirsten og Gunnhild for at det blir kaffe og kaffemat å få kjøpt.

000 Museet 2019 07 07 Plakat_690x985.jpg

Bernt G. Bøe
Leiar i Bøfjorden Historielag