
Bøfjorden historielag annonserer:
Småbåtindustri som museumstema
Bilder over: «Myra 23 Fisherman» og «Myra 21 Snekke» var to populære modellar. Her fotografert på Bolgsvaet tidleg på 1970-talet.
På Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag kåserer Terje Holm og Asbjørn Ersvik om «Myra Plast - en pioner innen plastbåter i Norge».
Programmet dokumenterer ein revolusjon i småbåtbygging. Myra Plast starta i 1956 med båtproduksjon i det nye materialet glassfiberarmert plast og bygde rundt 4000 båtar fram til 1990.
Mange frå Kristiansund og distriktet jobba i denne industrien. Det var stor eksport til bl.a. Sverige og Danmark gjennom mange år.
Myra-båt er eit begrep i norsk fritidsbåthistorie. I ein konjunkturutsett bransje har bedrifta hatt ulike eigarar. Dette har Terje Holm skrive om i Årbok for Freiøya Historielag 2018. Medkåsør Asbjørn Ersvik var med på Myra-eventyret frå 1965 fram til slutten i 1990.
På museet sørgjer Kari og Randi for at det blir kaffe og kaffemat å få kjøpt.

Terje Holm har skrive historia om Myra Plast og kåserer på museet søndag.
![2019 07 21 Plakat Museet[1].jpg](https://img7.custompublish.com/getfile.php/4509334.1537.ubbjtqnwwl7bla/2019+07+21+Plakat+Museet%5B1%5D.jpg)

.png)

