øye barnehage_350x263

Småbarn på tur

Onsdag denne veka var det klart for tur for begge småbarnsavdelingane på Øye barnehage. Lavvoen er no omtrent ferdig. Både Litjstuå og Nystuå samt ei gruppe frå Storstuå tok turen denne dagen. Det er artig å sjå kor barna trivs når dei kjem ut på tur. Da skal det klatrast og utforskast. "Grisebingen" vår var full av smågriser denne dagen, heiter det i meldinga frå barnehagen. Sjå fleire bilder inne i saka!

Øye barnehage minner om at lavvoen er mogleg å bruke på helg dersom nokon vil legge familieturen dit. Ta med ved og forlat lavvoen i den stand du fann den. Inne er det mange sitteplassar, ildstad og grillrist.

For bildekavalkade, klikk her.