fotballsponsing (foto Driva)_250x166

Smakfullt sponsorsamarbeid

Ein ny og smart sponsoravtale mellom Norsk Kvalitetsmat og Surnadal Fotball sørger for at sju kroner går rett i kassa til fotballgruppa for kvar pakke fiskeburgar, eller fotballburgar, som blir selt frå lokale forretningar.

Under fotballskulen som fotballgruppa har arrangert på Syltøran dei siste to vekene, har det blitt servert hundrevis av fiskeburgarar. Og denne veka er den nyutvikla fotballburgaren i handelen i butikkane i nedre Surnadal, skriv Driva.

- Det er heile 75 prosent fisk i denne burgaren. Eit sunt og godt alternativ for alle born og unge som er opptatt av å trene og bli betre fotballspelarar, seier Ivar Næss, dagleg leiar i Norsk Kvalitetsmat. På bildet er Næss (t.h.) saman med fotballeiar Rolv Lysø og dei unge fotballgutane Tore Næss og Kristoffer Berset.

Verksemda legg eit sponsorbeløp i botnen for den nye avtala, og i tillegg går sju kroner til fotballgruppa for kvar pakke fiskeburgar som blir selt i lokale butikkar.

Norsk Kvalitetsmat er medlem av Trollheimsporten. Ønskjer du å delta i Trollheimsporten med di bedrift? Eller er du medlem av ein organisasjon eller eit lag eller liknande som har si verksemd i Rindal eller Surnadal? Nytt da høvet til å marknadsføre verksemda gjennom Trollheimsporten! Bli medlem!

(Foto: Driva)