Smørbygda Rindal
Vi hører støtt om skibygda Rindal, men for nøyaktig 100 år siden hadde Rindal også fylkets femte største meieri (i mjølkemengde). I tillegg var det flere grendemeierier - og alle framstilte smør. Rune Morten Walltin satt altså med riktige opplysninger om det store stempelet (Rindalsnytt 17.5.). Det var blitt brukt til å merke smørkasser ved meieriet på Grøtan i Lomundalen. Ragnhild Stavne Bolme forteller:
Når eg fekk "områ me lit" fann eg stoff om meieridrift i Rindal frå gammeltida. Det første tiltaket til behandling av mjølk i Rindal var på Storli i Romundstadbygda, der Ole Storli tok imot mjølk frå nokre leverandørar i 1893. Litt seinare tok Ole Børseth til med meieridrift ved Bolme bru (der Bolme pensjonat står i dag) og på Grøtan. Det var også eit lite meieri på Litlbakken på Skogen.
Tett før det førre århundreskiftet vart det starta opp med til saman 5 andelsmeieri rundt om i bygda:
LOMUNDAL MEIERI
Det vart andelsmeieri både på Grøtan og på Fredriksli, der dei starta i 1898 under namnet Liernes Meieri. Dette anlegget fekk energi frå ei hestevandring som dei lånte av Ole Børseth. Seinare vart det bygd hus for meieriet på Grøtan og namnet var skiftevis Grøtens Meieri og Lomundal Meieri. Dei gav opp drifta i 1914.
Dei andre andelsmeieria var følgande:
RINDAL, bygd i 1895 for dampkraft og seinare vasskraft. Rindal Kommunale Auto tok ovar husa. Nedlagt i 1916.
KATTEM MEIERI. Meieriet vart bygd i 1895 ved Kattem. Meieritiltaket på Storli vart no med i dette. Nedlagt i 1916.
SKOGENS MEIERI var bygd i 1898 for vasskraft. Jula 1914 fraus turbinrøret, kjelen vart defekt og drifta stoppa.
SUNNA MEIERI, bygd i 1898, var det einaste som berga over dei vanskelege åra og vart grunnstammen til det seinare Rindal Meieri. Dette var bygd for dampkraft, og var eit av si tid mest moderne anlegg. Av 121 meieri som var i drift i Møre og Romsdal i 1905, var Sunna nr. 5 i mjølkemengd.
Alle meieria var innretta for smørproduksjon, med retur av all skummamjølka.
Tilsaman handsama desse meieria omlag 1 mill. kg. mjølk for året kring førre århundreskiftet. På den tida var det stor smørproduksjon og eksport til England. Det skal enno finnast att medaljar for god smørkvalitet frå dei forskjellige meieria. Smørkjøringa til dampskipskaia på Surnadalsøra er eit eige kapitel i soga om desse meieria. Dei kjørte smør med hest til Øra, og hadde med seg varer oppatt til Rindal.
Desse opplysningane, og fleire til, er å lesa i artikkelen "Meieridrifta i Rindal 1893 - 1957", av bestyrar Jon Moen (100-årsskriftet for Rindal kommune)
Så for eiga rekning:
Ei anna ringvirkning av meieridrifta rundt om i bygda den tida, var at dei trong meiersker med fagleg bakgrunn. Dette var oftast kvinner frå andre bygder, som vart gift i Rindal og tilførte nytt blod i slektene.
Og til slutt: Kven har medaljer for god smørkvalitet liggande?
******
- Om noen har slike medaljer, kontakt gjerne redaktor@trollheimsporten.no !

.png)

