laksestart fangst 3_250x167

Snart 1,5 tonn laks i Surna

Også i veke 24 (14.-20. juni) vart det teke godt med laks i Surna. Totalt 76 laksar vart landa i forrige veke, og 30 av desse var på over 7 kilo.

I løpet av dei tre første vekene av årets sesong i Surna er det landa 221 laksar med ei totalvekt på 1431 kilo, viser statistikken på surna.no. Dette er langt meir enn i same tidsperiode i fjor.

Dei største fangstane så langt i år er

1. Finn Ove Kaldvansvik, 16,6 kilo - Røv/Ytre Moen

2. Glenn Olsen, 16,5 kilo - Honnstad/Mogstad

3. Helge Dalen (bildet), 14,5 kilo - Sogge/Krangnes

4. Kristen Heggem, 14,4 kilo - Honnstad/Mogstad

5. Reidar Skogly, 13,6 kilo - Honnstad/Mogstad

6. Per Petterson, 13,0 kilo - Tellesbø/Ranes

7. Magne Hvattum, 12,5 kilo - Honnstad/Mogstad

8. H. Gundersen, 11,5 kilo - Honnstad/Mogstad

9. R. Bersås, 10,5 kilo - Sogge/Krangnes

10. T.H., 10,5 kilo - Sogge/Krangnes

Familien Kaldvansvik frå Fræna har hatt nokre utrulege dagar i Surna. Fem familiemedlemmar har til saman teke sju fine laksar nå i laksestarten. Sjå artikkel på rbnett.no.