hotell-bru_250x180

Snart er hotellbrua på plass

No er arbeidet med å binde saman Vårsøg Hotell og Surnadal Kulturhus, for alvor i gang. Tirsdag kom den første av dei tre bruføtene til passasjen Vengespennet til Skei, der monteringsarbeidet skal gjerast denne veka. - Arbeidet med å få hotellet ferdig ombygd til 1. november er i rute, seier marknadssjef Mette Sæter Ormset.

Ombygginga av Vårsøg Hotell, som vil koste nærare 100 millionar kroner, inkluderer også bru/passasje over til kulturhuset, der hotellresepsjonen skal vere.

Tirsdag føremiddag kom første del av brua til Skei. Etter planen kjem del to og del tre av brua onsdag og torsdag, og mykje av monteringsarbeidet av desse kan dermed bli gjort desse dagane.

"Vengene" på gangbrua, som er laga av Rindals-firmaet A. Kvam, kjem i neste veke. På heimesida si har firmaet lagt ut bilder frå produksjonen av vengene som skal vere utanpå gangbrua. Sjå bilda her.

Både Vårsøg Hotell og A. Kvam er medlemmer av Trollheimsporten. Ønskjer også di bedrift å bli medlem? Klikk her.