"Snerp" og "benn" m.m.

Anne Skjølsvold er på banen att:
- Synest det er spennande å tenkje på at så mange, ikke berre fastbuande rindalinger, men også utflytta og til og med utabygdes folk er inne på dialektsida. Skulle ønske at det var enda fleire aktive. Det er sikkert mange som sit heime og “veit svaret” på mangt, men som ikke kjem fram med det. Kom an!
 

Sidan plantenamn tydelig vis interesserer mange, har eg funne eit par til:
Snerp: Alle er vel innforstått med snerpa på kornaksa, men i dette tilfellet er det snakk om klengemaure galium aparine. Denne planten har mothakar som gjer at han lett festar seg til folk og dyr som kjem forbi, og det er vel grunnen til at han vart kalla snerp. Klengemauren har, etter det eg forstår etter å ha forska litt på internett, vore mykje bruka i folkemedisinen, og skal hjelpe mot dei fleste sjukdomar og plager.
Benn: (Bend) Det er to plantar dette navnet har vore bruka på, linbendel spergula arvensis og til dels vindelslirekne polygonum convolvulus. Det blir vel òg i dag sagt linbenn om linbendel.
Det eg lurar litt på er om desse plantene kan ha vore bruka til å lage “binnil” (bendel) av når dei dyrka lin før i tida. Linplantane vart rykte opp med rota og lagt saman i nek på ein 15 cm i diameter før det vart tørka. Da var det om å gjere at aksa låg parallelle. Linplanten var, vil eg tru, rekna for å vere såpass verdifull at ein bruka ein annan plante til å binde saman neka med. Om ein bruka sjølve linplanten til binnil, ville stråa i binnilen bli øydelagde og ubrukelig i vidare produksjon. Dette er berre noko eg har tenkt meg til og ikke greid å finne ut av, men det er kanskje andre som veit.

Kommentarar til Lars Gudmund
Dette med å ryk opp og å ryk åt vart litt interessant.
Å ryk opp er det same som å gå konkurs, eller å måtte gå frå gard og grunn
Å ryk åt er å “ga ned-åt” eller bli liggjande som følgje av for stort alkoholinntak
Derfor skulle det mest logiske vere at ein som ryk opp er ein opprykar og ein som ryk åt er ein åtrykar.
Men her i huset har vi aldri høyrt ordet åtrykar vore brukt, men uttrykk som “han låg opprykar” (t.d. på eller etter ein fest) har vore bruka, og da om ein som har råkkje åt, -- drukke for mykje.
Andre som har synspunkt på dette?
- Ja, ho Liv i Løften har ordet opprykar i tydinga ein som ryk åt pga for mykje "boblevatn i blodstraumen".
"Ol Perså-dag" Dette trur eg kanskje er eit surndalsuttrykk. Hugser ein av onklane hans Svein, som var tu Mogardå`, bruka uttrykket ”Perse-dag” om ein dag der alt gjekk på tverke. Det kjem truleg av det same.