
"Søg" i Sagatun
Det var fullt hus på handverksmessa i Sagatun i dag. Mange såg nok sitt snitt til å starte julegavehandelen. Og her kunne ein finne gaven til "den som har alt", for her var det litt av kvart å velge i. Spesielt var det mykje fint handarbeid: Strikking, toving, saum og veving, men også andre ting.
Anne Marie Moen hadda stand med strikking og toving og mange fine nissar
Wenche Bergmann, til høgre, hadde teke turen frå Rindal og kunne by fram saum, strikking, og heimelaga såper
Randi Lysø viste forskjellige handarbeidsteknikkar. Her: hakking
Messa var tydelegvis populær blant publikum.
Det var bra "søg" i salen da Trollheimsporten stakk innom.
Messa held fram i morgon, så for den som ikkje hadde høve i dag, er det fullt muleg å ta søndagsturen til Sagatun. Det er ope frå kl 12 - 17.
Kaffe- og matsalg er det òg. Like til rømmegraut og dravle er det å få kjøpt.
Det er Surnadal husflidslag som står bak messa.