Sommerleir

Søkjer leirleiarar på sommarleir

I samband med Størst av alt - trusopplæringsreforma i Den norske kyrkja arrangerer Kyrkjelydane i Rindal og Surnadal sommarleir i aldersgruppa 6-12 år. I den samanhengen søkjer ein etter leirleiarar for sommarleir i perioden rundt 19. juni til 10 juli 2010. Les meir for detaljar:

Vi søkjer etter

LEIARAR PÅ SOMMARLEIR i perioden ca. 19. juni - ca. 10. juli 2010.

Leirleiarane skal saman med tilsette og uløna medarbeidarar arrangere sommarleir på Gråhaugen fjellstue i Trollheimen.

Vi søkjer etter personar som har eige driv, engasjement og likar å vera saman med born i leik og alvor.

Det kan bli arrangert eit par dagar/kveldar med leiarsamlingar/kurs i løpet av våren, og vi vil at alle deltek på desse. Det stilles krav om medlemskap i Den norske kyrkja.

Vi tilbyr ei spennande utfordring og flotte leiropplevingar i storslagen natur. Løn iht. tariffavtalar for kyrkjeleg sektor.

Spørsmål kan rettast til kyrkjeverje Ingeborg Nordlund, eller prosjektleiar Bodil Kvam Aasbø tlf. 71 65 70 60.

Søknad med CV, referansar og kopiar av attestar og vitnemål sendast Surnadal kyrkjekontor v/kyrkjeverja, Postboks 19, 6656 Surnadal.

Søknadsfrist 05. mars 2010. Sjå meir på heimesidene til Rindal sokn - medlem av Trollheimsporten.

Bilde frå sommarleiren ved Gråhaugen i fjor: