Rasteplassen

Søkjer om mellombels løyve til utslepp

Statkraft Energi AS skal utvide kanalen og tunnelen for transport av flaumvatn ved Follsjødammen mellom kommunane Surnadal og Rindal. Dei skal også etablere skråningsvern ved Follsjødammen og Gråsjødammen og etablere eit steinbrot i det same området for å ta ut steinmassar til dette arbeidet.

Tiltaka med systema for flaumavleiing vil kunne gje utslepp til elva Folda, difor søkjer dei om mellombels løyve etter forureiningslova § 11.

Høyringsfrist: 25. august 2019 


Les meir på Fylkesmannen i Møre og Romsdal sine nettsider.
 

Foto: Helene M. Nergård (juni 2018)