Fylkesmannen i Møre og Romsdal:
Søknad om erstatning for rovviltskade i 2018
No kan du sende inn søknad om erstatning for rovviltskade på husdyr for beitesesongen 2018. Fristen er 1. november.
Pressemelding frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal:
Søknad om erstatning for rovviltskade i 2018
No kan du sende inn søknad om erstatning for rovviltskade på husdyr for beitesesongen 2018. Fristen er 1. november.
Søknader som gjeld sau skal sendast via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter (ESS) til Fylkesmannen i ditt heimfylke innan fristen.
For å ha rett på erstatning må dyreeigar:
- ha rett til produksjonstilskot etter jordbruksavtalen. Også vêrring, sauavlslag eller tilsvarande kan få erstatning dersom dei lir tap.
- ha fast bustad i Norge.
- fremje søknad via søknadssenteret innan 1. november (lenke i høgremargen).
Det vert betalt ut erstatning for husdyr som har status «dokumentert» eller «antatt» drept av freda rovvilt i Rovbase. Dokumentasjon av rovviltskade blir gjennomført av Statens naturoppsyn sine rovviltkontaktar. I dei tilfella ein ikkje har funne kadaver eller det ikkje er mogeleg å fastslå dødsårsak, kan det betalast ut erstatning etter ei skjønsvurdering.
Dersom du ikkje har tilgong til eiga datamaskin, eller har vanskar med å levere søknaden elektronisk, kan du kontakte kommunen du bur i i god tid før søknadsfristen 1. november.
Søkar har eit sjølvstendig ansvar for å søke innan fristen. Søknad som kjem inn etter fristen utan etter avtale med Fylkesmannen, vil bli avvist. Fylkesmannen kan gje nærare rettleiing om krav til innhald i søknaden.
Dersom du har problem med å logge deg inn i søknadssenteret, ta kontakt med Miljødirektoratet på telefon 951 23 500 eller e-post esshjelp@miljodir.no.
Søknader som gjeld tap av geit, storfe eller hund skal ikkje leverast via ESS, men sendast inn per post eller på e-post til Fylkesmannen sitt postmottak (fmmrpostmottak@fylkesmannen.no).
Dokumentasjonskrav
Den som søker om erstatning må legge ved individlister for buskapen til søknaden. Individlistene skal minimum innehalde alle individnummer i besetninga, kopling mellom søye og lam, dødsårsaker og helse-/sjukdomsinformasjon. For medlemmer i Sauekontrollen, er det mogeleg å lage ein rapport i pdf-format som gir dei naudsynte data til sakshandsaminga.
Vi oppmodar om at vedlegg vert lagt ved elektronisk.
Vedlegg som ikkje vert lasta opp via det elektroniske søknadssenteret, må ettersendast enten på mail eller per post snarast råd etter at søknaden er sendt inn.
Hugs følgjande når du søkjer om rovvilterstatning:
- Legg ved kart som viser kva for beiteområde dyra dine nyttar i beiteseongen
- Gje informasjon om besetninga di på individnivå; data over tapte, skadde og sjuke dyr
- Fordel tapet på den rovviltarten du meiner har tatt husdyra dine
- Oppgje korrekt sone for distrikstilskot; Kart over sonegrenser (NIBIO)
- Send gjerne med tilsynslogg