
Søndag 29.01.12 – 4.s. i åpenbaringstida.
«Då Jesus kom gåande, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd». Denne setningen i byrjinga på preiketeksta frå Johannes 9 set òg tema for preika. Jesus ser oss om me ikkje ser han. Når Jesus ser oss, er me omslutta av ei kritikkfri sone. Så er det berre om-gjort at me sjølve får augo opp for han som ser oss og vil oss vel.
Joh 9,1-7.35b-38
Da Jesus kom gående, så han en mann som var født blind. Disiplene spurte da: «Rabbi, hvem er det som har syndet, han selv eller hans foreldre, siden han ble født blind?»
Jesus svarte: «Verken han eller hans foreldre har syndet. Men nå kan Guds gjerninger bli åpenbart på ham.
Så lenge det er dag, må vi gjøre hans gjerninger som har sendt meg. Det kommer en natt da ingen kan arbeide. Så lenge jeg er i verden, er jeg verdens lys.»
Da han hadde sagt dette, spyttet han på jorden, laget til leire med spyttet og smurte den på mannens øyne. Så sa han: «Gå og vask deg i Siloa-dammen!» Siloa betyr utsendt. Mannen gikk dit og vasket seg, og han kom tilbake seende.
Jesus fikk høre at de hadde kastet ham ut, og da han møtte ham, spurte han: «Tror du på Menneskesønnen?» Han svarte: «Hvem er han da, gode herre, så jeg kan tro på ham?»
Jesus svarte: «Du har sett ham, det er han som snakker med deg.» «Jeg tror, Herre», sa mannen. Og han tilba ham.
Kva var dette??! Er det tøft – eller er det udelikat grisete? Begge deler, kanskje. Men kuren virkar. Han som var født blind, får helbredelse så han kan sjå att.
Kult!! vil nokon seie. Mens me som kan det meste av bibelhistoria tenkjer at – Ja, ja. Så var det endå eit under.
Men det er ikkje endå eit under – det er eit stort under. Eit mirakel som skjer. For kva skjer vel ikkje som allereie er ramma inn av fyrste setning:
Da Jesus kom gående, så han en mann som var født blind.
Jesus kjem. Jesus ser.
Mannen er der. Han ser ikkje. Men han blir sett.
Nokon trur at når Jesus ser på oss, er han akkurat som foreldre når dei er på sitt mest sure og kritiske. Som om Jesus var interessert i om me har vaska øyrene grundig nok eller om me har flekkete genser??! Som om Jesus var interessert i bagatellar – slike små ting som alle foreldre er så redd for at andre folk skal sjå?
Kva er Jesus interessert i? Han er ikkje interessert i bagatellar. Ikke!
Jesus er interessert i folk, er han. Han er interessert i folk som treng hjelp og vil ha hjelp.
Det finst mykje folk som mesta er som blinde for Jesus. Me er mykje som dumme disiplar – me vil vita kven som har skulda og kven det er å klandre for det som måtte vera gale.
Som om det er nokon hjelp i å klandre og bebreide og bera seg over alt og alle som ikkje strekk til??! Så vidt eg veit, har ikkje den slags surmuling tent til noko godt nokon gong. Så det kan me berre slutte med, me òg.
Skal me heller gjera som Jesus: Slutte å bry oss med alt som ikkje er heilt på stell – og så satse på det som er viktig?
Veit de: Jesus satsar alt på oss. Så viktige er me for Jesus. Det er difor borna blir døypt – og det er difor de som går i femte klasse får Bibel.
Ja, det er ein samanheng her. Borna blir døypt fordi Jesus gir dei alt dei treng i dåpen. Faktisk blir dei døypt til Jesu død og reist opp att i Jesu oppstandelse. Full pakke, altså.
Og femteklassingane får sin eigen Bibel for at det i alle fall ikkje ytre sett skal vera noko hinder for at de les og lærer om kva Jesus er for ein kar. Det er berre de les – eg vil anbefale at de byrjar i Det nye testamente. Byrjar de i Mosebøkene, er de bortimot garantert å gje opp før de kjem til Krønikerbøkene.
Så blir det gjerne så me anar at denne historia om – endå eit under – faktisk angår oss?
Den blinde mannen kunne ikkje sjå. Men han vart sett. Han vart helbreda så han kunne sjå. Og det vart til at han byrja å tru på Jesus.
Kva med oss? Me blir sett av Jesus. Jesus ser oss – og når han ser oss så gjer han det med den største kjærleik noko menneske kan ha.
Jesus ser oss. Han vil oss vel. Skulle me ikkje då prøve oss litt på dette å sjå tilbake – bokstaveleg talt? Sjå Jesus, forstå litt meir av kven han er og leva livet i lag med han- .
Det byrjar med dåpen. Og det held fram med Gudsordet som me finn i Bibelen vår.
Jesus ser oss. Når me ser Jesus, ser me òg at me har kome inn i ei kritikk-fri sone. Kall det velsignelse eller nåde eller kva du vil. Berre du ser han som ser deg – at han vil deg vel.