Saga IMG_0003

- og andre gamle bilde

Søndag på saga

Vi har fått låne bilde som Arvid Bolme har tatt med bokskameraet sitt - for ei stund sidan. Her vil vi ha hjelp til å fine namn og opplysningar om dette bildet og dei andre som du finn nedafor her. Svært interessant frå Sagagrenda. Skriv til redaktor@trollheimsporten.no. Ragnhild Stavne Bome har kommet med navn på to av bildene... og Per Morten Bolme, Pesagja, har kome så nær som det mesta går an på det store:

Folksamt på Aldersheimen: Frå venstre, Ola H. Elshaug (Hansinj), f. 1881, Jon P. Bolme, Vikhusa, (gammelgammelfeiar’n), f. 1904, Ingebrigt Holte, Åkerbakken, f. 1877, Martin N. Rindal, Bruøya, f. 1899 og Ingeborg I. Grøtan, Øvre Grøtbakken (Litl-Ynnbør), f. 1893. Bildet er frå sist på 1940 – talet.

To rindalskarar:  Dette er Olaf Løset, Bortistua og Fredrik Grøtan, Rindalsvollan.

Helsing Ragnhild S.B.

Hei. Eg har prøvd å få de rette namna på bilde frå sagvelta lenge, både  sjølin og andre eldre sagabøgg har utala seg om kven dei trur dei ulike  er, (byrja gransking alt i 2006). Dette er det næraste eg kjem, trur eg. Eg har eit bilete med omriss og skugge av fotoet med nummer og namn (under). Håpar at det let seg bruka, og dersom nokon er usamde eller har betre  forslag så må dei koma med dei - 23 skal være 22.

Mvh Per Morten Bolme, Pesagja

Klikk på bilda under og sjå dei større og i serie:

 

Saga IMG_0003
Søndag ved saga
Aldersheimen IMG_0002
Vedarbeid på Aldersheimen
Aldersheimen IMG_0001
Folksamt på Aldersheimen
Rindalskarar IMG_0007-1
To rindalskarar. Foto:ukjent
Bekkjadalen IMG_0004
Her ser vi kommunekasserar Erik Løfald (bekkjadala) t.v. i lag med mor og far til Arvid Bolme, Anna og Mikkel Bolme.