Lene Gåsvatn mars 2011

Søndagspreika i Rindal Kirke

Lene Gåsvatn har sendt oss preika for i dag. Ho har preika om om kor drepande det er for sjølvkjensla om me stadig samanliknar oss med dei som er finare, flinkare og meir populære enn oss. Når alt kjem til alt, er det vel greitt nok for oss òg om me inntek tollaren sin posisjon,
ber om nåde og tèr oss deretter.

Rindal krk 04.09.11 – Luk 18, 9-14.
Til nokre som stolte på at dei sjølve var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga:
«To menn gjekk opp til tempelet for å be. Den eine var farisear og den andre tollar. Farisearen stelte seg opp for seg sjølv og bad slik:
'Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, dei som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller som den tollaren der. Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener.' Tollaren stod langt unna; han ville ikkje eingong lyfta auga mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: 'Gud, ver meg syndar nådig!'

Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.»
Heilage Far, gjer du oss heilage i sanninga, ordet ditt er sanning.

Anbjørg Sætre Håtun – eg reknar med at dei fleste av dykk veit kven ho er. Lenge var ho ankerfeste i helseprogrammet Puls. Omgangar med brystkreft og utmattelsessyndrom vart til hjelp for henne så ho forstår meir av livet.

No er ikkje Anbjørg lengre programleiar, men foredragshaldar og forfattar. Og ho har mykje å fara med. Instendig kan ho oppfordre tilhøyrarane sine: Slutt å samanlikne deg med andre folk! Hald opp med det!! Samanlikning bryt berre ned.
For kva skjer vel ikkje når me samanliknar oss med andre? Anten blir me hovmodige for at me er betre, eller me føler oss trykt ned berre med tanken på alle som er likar` enn oss. Alle som er meir kul og populære, alle som kan og veit meir, alle som er finare og slankare … lista over alt som måtte vera anna folk til del av det som bra er, kan neppe gjerast lang nok.

Ser me i djupet av vår eiga folkesjel, trur eg helst – og Anbjørg Sætre Håtun veit det! – at all samanlikninga me bedriv har noko negativt over seg. Me plasserer oss der nede under dei fleste. Arrogansen me måtte finne på å beskytte oss bak, blir berre for ein tynn og skjør fasade å rekne.

Slik var det òg gjerne med farisearen. Han som stiller seg fremst i templet og takkar for at han ikkje er som andre menneske, dei som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller som den tollaren der. Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener.

Sanneleg, det var då meir enn eg har å takke for! Kven av oss kunne gjort han dette etter– og takka for at me ikkje er som andre menneske, slike som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet eller gjer underslag som ein annan tollar. Nåvel, kva dette angår, vil eg håpe det er dei færraste av oss.
Men går me vidare, får me problem: Kven var det vel av oss som orkar å faste to gonger i veka – om enn me kunne hatt godt av det både for kropp og sjel. Og kven kan vel rose seg av å gje ti prosent av alt me tener til dei fattige – slik oppå skatten me meir eller mindre motvillig betaler?
Tollaren stod langt unna; han ville ikkje eingong lyfta auga mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: 'Gud, ver meg syndar nådig!'
Skal me vera genuint ærlege – og det vil me vel – er det tollaren sin plass som er vår. Det er han me har å samanlikne oss med – om me skal samanlikne oss med nokon.

Så blir spørsmålet: Har me meir å fara med enn denne uslingen av ein tollar? Har me meir å fara med enn hans «Gud, ver meg syndar nådig!»?

Farisearen i templet har skremt mange vekk frå nattverdbordet. Han er hovmodig og sver, og slik skal ikkje me vera. Må vita- . Tenkjer folk og blir sitjande når nattverden blir delt ut.

Men høyrer me kva Jesus fèr med i dag, er det jo nett dei uverdige som er velkomne fram. Gud, ver meg syndar nådig! Ropar tollaren og går rettferdig heim. Synda hadde han gjort og det til gangs. Det hadde han gjort – han som oss og han som farisearen. Det var ikkje det.

Kva var det – anna enn at han såg det, bad om nåde og fekk nåde? Kva er vel nattverd, anna enn ei bøn om nåde og eit skrik etter alt me ikkje maktar å vera i oss sjølve?

All takk og ære til Gud som er far vår, Jesus som er Frelsaren vår og Den Heilage Ande som kallar oss til liv i Jesus.
Kyrkjebøn:
Herre, vår Gud og Far, vi takker deg, og priser ditt hellige navn, for du er god, og din miskunnhet varer til evig tid.
Vi ber for din kirke på jorden. Fyll den med din Ånd.
Bevar den ved Ordet og sakramentene, og la den bære frukt for deg i kjærlighet.
Velsign vår menighet, og hjelp oss alle å virke i troskap for ditt rike.
Kall våre konfirmanter til et liv i forsakelse, tro og tjeneste.
La ditt ord ha fremgang blant alle folkeslag.
Gi kraft og mot til dem som blir forfulgt for ditt navns skyld.
Kall de frafalne tilbake til dåpens nåde.
For Jesu Kristi skyld,

Menighet Herre, hør vår bønn.

Gi fred på jorden, med frihet og rettferd for alle.
Lær oss å verne om menneskets verd fra livets begynnelse til livets slutt.
Forbarm deg over dem som lever i fattigdom og nød.
Hjelp oss å ta vare på ditt skaperverk og dele dine gaver rett.
Velsign vår konge Harald og hans hus, vårt folk og fedreland og våre landsmenn i det fjerne og på havet.
Hold din vernende hånd over barn og unge. Fyll hjem og skole med din Ånd. Gi visdom og rettsinn til alle som har ansvar i samfunnet, og lær oss å arbeide til beste for hverandre.
For Jesu Kristi skyld,

Menighet Herre, hør vår bønn.

 


Liturg
Vi ber i dag særskilt for dåpsbarna våre – for Vilde Bolme, Thea Høston Løfaldli og for Bente Hyldbakk. Takk for at du tar imot dem i din hellige dåp. Hjelp foreldre, faddere og oss alle så vi viser dem veien sammen med deg.

Vi ber også for våre jubileumskonfirmanter. De har sitt jubileum fordi de er konfirmert – og fordi de er døpt. Vi ber om at denne dagen må være en minnedag for dem, så de husker hva de har lært og aldri glemmer at du er den som er nådig mot syndere.
Kom til dem som søker deg, og til alle som kjemper med tvil og anfektelse. Trøst de
syke og sørgende, vær nær hos alle ensomme, kom med det evige livs håp til dem som strir med døden; miskunn deg over alle mennesker.
For Jesu Kristi skyld,

Menighet Herre, hør vår bønn. Amen.