P2200136

Søndagspreika såmannssøndagen

Såmannssøndag vart feira i Rindal kirke denne søndagen med to barnedåpar, nattverd og kyrkjekaffe. Preika som sokneprest Lene Gåsvatn heldt kan du lese nedafor!

Rindal kyrkje 20.02.11. Såmannssundag. Lukas 8, 4-15.


 

Mykje folk strøymde no saman frå alle byane rundt omkring. Då ei stor folkemengd hadde samla seg om han, fortalde han dei ei likning:

 

«Ein såmann gjekk ut for å så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen. Det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp.


 

Noko fall på steingrunn, og det visna med same det kom opp, fordi det ikkje fekk væte.  


 

Noko fall mellom tornebusker, og tornebuskene voks opp saman med kornet og kvelte det.


 

Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd.» Då han hadde sagt dette, ropa han ut: «Den som har øyre å høyra med, høyr!»

 

Sidan spurde disiplane han kva denne likninga skulle tyda. Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, for at dei skal
          sjå, men ikkje sjå,
          og høyra, men ikkje skjøna.
 

Likninga tyder: Såkornet er Guds ord. Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjartet deira, så dei ikkje skal tru og bli frelste.


 

Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur ei tid, men når dei blir sette på prøve, fell dei frå.


 

Det som fall mellom tornebusker, er dei som høyrer ordet, men på vegen gjennom livet blir dei kvelte av sorger og rikdom og nytingar og ber ikkje fullmogen grøde.


 

Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarte, held ut og ber grøde.


 

Me høyrer ord om ord.

Fyrst høyrer me om ord som står i mot ord. Ord som mister taket og blir kjent døde og makteslause ved vegen, på steingrunnen eller i tornekrattet.


 

Ord imot ord. Ord imot våre ord, våre liv, våre følelsar. Me er mangslungne, me menneske. Sett i hop som me er av litt av kvart.


 

Kva kan Gudsordet gjera i ei sjel som er seg sjølv?

Der kan Gudsordet gjera mykje. Der verkar spirekrafta, der blir det avling så stor at det var ikkje likt til noko.


 

Men om sjela er seg sjølv nok, derimot? Eller seg sjølv meir enn nok? Det blir vanskeleg å ta ut spirekrafta i eit slikt jordsmonn. Konkurransen blir så hard for Gudsordet i det me måtte ha av sjel som er fylt opp av sitt – var det sorgar og rikdom og nytels? Fylt opp var ho vel, sjela av rikdommens bedrag og vår bekymring – men vart ho noko anna enn tung og tom på same tid?


 

Eg vil ikkje sende nokon ut ifrå kyrkja her i dag med bevisstheit om at Nei, eg går nok berre rundt med både steingrunn, nedtrakka veg og tornekratt i sjela mi. Gudsordet må gjerne koma til meg, men det fèr like fort ut som det kom inn.


 

For kva seier vel ikkje Jesus om såmannen? Han seier at såmannen sår, uansett kvar. Såmannen er håplaust optimistisk. Han strør om seg med kostbart såkorn i hytt og vèr. Og der det blir avling, er det ikkje måte på til grøde. Hundre gonger innsatsen blir det.


 


 

I prinsippet har heile kyrkjelyden fått maken til så-oppdrag i dag. Me har ansvar for å så Gudsord i sjela til Ottar og Marius. Ansvaret ligg spesielt på dykk som er foreldre og faddrar: De skal lære dei å bruke Guds ord, skal de.


 

Kva er så problemet? Kva er så-problemet?


 

Samanhengen mellom Gudsord og spirekraft er påfallande. Det er som om Jesus seier det til oss, uansett kva posisjon me måtte ha, om me er små eller store, dårleg truande eller truande til litt av kvart: Det er berre å så. Blir Gudsordet delt og meddelt, så er det kraft i det til å spire og slå rot.


 

Det er berre å så. Det er berre å sjå til såmannen korleis han gjer det, der han går og sår i hytt og vèr.


 

Finst det noko som heiter sløseri når det er Guds ord som er såkornet? Nei, det er berre å bruke det utan sparsommelegheit eller beskjedenheit.


 

Men kva så når ord står mot ord, når Guds ord blir imøtegått av våre ord? Kva så? Der sjela måtte la seg utfordre til arbeid med Guds ord, er det også eitkvart som skjer.


 

Og dette som skjer når Gudsord møter folk og møter folk heime og blir til avling som bèr hundre gonger kva som vart sådd – det kan synast som det skjer av seg sjølv.


 

Det skjer av seg sjølv i ei sjel som er seg sjølv. Noko større enn nåde heiter det ikkje. Heller ikkje mindre - .


 

Nåde.

Det blir sådd.

I mildt yr

Om våren.

No kan alt gro.

No kan alt vekse.

(Oskar Stein Bjørlykke).


Ottar og Marius vart døypte denne søndagen.