IMGP8757

Bots- og bededag

Søndagspreika

Lene prest har sendt oss preika som ho heldt i Rindal kyrkje denne søndagen. Dermed kan du repetere den, eller lese den for første gong her på Trollheimsporten!

Bots- og bededag. Lukas 13, 23-30. Rindal kirke


 

Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra!


 

Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. Når herren i huset først har reist seg og stengt døra, og de står utanfor og bankar på og seier: 'Herre, lat opp for oss!' – då skal han svara: 'Eg veit ikkje kvar de er ifrå.' Då kjem de til å seia: 'Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.' Men han skal svara: 'Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!' 


 

Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike, medan de sjølve er kasta utanfor.


 

Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»

 

Ho har fått så hatten passar, Kari Jacquerson i det siste. Kvifor? Fordi ho seier at fedme ikkje er noko du har som einkvar annan sjukdom, men feit er noko du er.

 

Så reiser folk seg ifrå alle leirar og knurrar imot trimdronninga: Den slags mobbing skal me ha oss fråbedt. Respektlaust er det. Og krenkjande atpåtil.

Men ser me etter kva Kari Jacqerson skreiv og sa, blir det ikkje så ille likevel. Elin Ørjasæter kommenterer ganske så knivskarpt i VG, og eg skal sitere litt av det ho skriv:

Kari Jaquesson sa at fete folk bør spise mindre og trimme mer. Det er ingenting som gjør folk så rasende som å høre sannheten.

Velferdsstaten er faktisk avhengig av at folk tar et ansvar selv. Fedme er kanskje en sykdom, men lettere overvekt er det ikke. Og vi lettere overvektige må kunne takle at noen sier: «Ta deg sammen.»

Nei, eg skal ikkje vera potetprest på Bots- og bededag. Det å vera prest er meir enn nok, og eg brukar psykologiske mekanismar til å tolke og leggja ut budskapet frå Gud.

For kva skjer når Gud stiller oss til ansvar? Kva skjer inni oss? ”Gå bort ifrå meg, alle de som gjer urett”. Slik skal han seie, han som blir kalla for husets herre med nøkkel berre på innsida av porten.

Herre, er det få som blir frelst? Slik spør me oss, me som trur oss frelst, me som meiner at me er best på alt og svèr på det meste. Me er her, me som har kulturarv så det held, me som har høyrt og fått undervisning, me som trudde det var nok å vise interesse, nok å vise seg – og så gå tilbake til oss sjølve og vårt.

Vart me omvendt så det heldt? Trødde me hovmotet vårt og stoltheita vår og tanken på eigen forteneste under helen så det heldt?

Bra! Gjorde me det, så såg me òg kvar me har å stille oss. Me må stille oss bakerst, blant dei som er sist, blant dei som er minst, blant dei som erkjenner at det må hjelp til om me skal koma oss inn i himmelriket.

Den som kjem med seg sjølv og seier sjå på meg, eg er ikkje verre enn andre, og dessforutan kjem eg ifrå Rindal – skal han koma inn i Guds rike?

Eller går det kan hende betre med den som kjem med seg sjølv og seier at det eg treng for å koma meg igjennom denne porten her, det må eg få, sannheita om meg er at eg ikkje fikser synda mi – for eg er ein syndar.

Det gjer visst det. På Bots- og bededag handlar det om å tåle å ta inn over seg sanninga om seg sjølv.

Kari Jaquesson fekk gjennomgå då ho sa at fedme ikkje er noko du har som ein sjukdom, når du eigentleg er feit.

Det gjekk vel ikkje stort betre med dei som brukte noko av dei same formuleringane om synda: Tilbøyelegheit til å av og til gjera noko som ikkje er så bra, kan me sjå på som ein sjukdom, ein forstyrrelse i eit elles framifrå menneske. Tenk berre på snakket til dei som representerer oss i styre og stell, korleis dei vrir seg unna når alle ventar på at dei skulle opptre ansvarleg.

Nei, synda mot Gud og nesten i tankar, ord og gjerningar er ikkje ein forstyrrels. Synda er vår. Den som gjer synd, er ein syndar.

Synd for oss – om me ikkje toler å høyre kva kur som skal til – om me ikkje toler å høyre sanninga:

Skal me vinne kampen om plass i Guds rike, så må Jesus sjølv vera den som vinn for oss – ikkje på tross av at me er syndarar men FORDI me er syndarar. Kva blir ståande så det held? Var det oss med alt vårt – eller var det han som er og gjev nåde?

Velferdsstaten er avhengig av at folk tek ansvar sjølve for liv og helse. Trim og kosthald må vera eit ansvar som ligg på den enkelte av oss. Erkjenner me at me er feite og inaktive, er det berre å koma seg ut og gå i staden for å eta potetgull framom TV`n.

Men kva med himmelriket? Erkjenner me at me er syndarar, er det berre å koma seg inn. Det var ikkje meir som skulle til: Eg er ein syndar, eg treng hjelp, eg treng nåde. Dette var sanninga om oss – sanninga som nokon ikkje tåler å høyre utan å bli rasande. For dei som legg att stoltheita utanfor så dei kjem seg gjennom himmelriks-døra, skulle det visst òg bli råd med servering.