Øvre Rindal Kapell

Søndagspreika

Sokneprest Lene Gåsvatn har sendt oss preika som ho heldt i Øvre Rindal kapell i dag på Domssøndagen. Du finn den nedafor her:

Øvre Rindal kapell 21.11.10 – Hebr 3, 12-14

Me trur på og bekjenner oss til han som kjem som eit barn i ei krybbe. Og me trur og bekjenner oss til han som skal koma att ifrå der han er, for å døma levande og døde.


 

Som kristne menneske trur me på dommen, at det skal skje ein dom og at me sjølve skal stå til rekneskap.


 

Kva skal me då stå til rekneskap for? For alt me har dårleg samvit for? For alt me skammar oss over? For all utilstrekkjelegheit og for at me kjem til kort?


 

Det kan så vera me trur det, men er det slik det er? Skal me stillast til ansvar og bli dømt og fordømt for alt me har lært at me skal ha dårleg samvit for? Skal me bli dømt og fordømt for skammen vår? For at strikken vår er for kort så me kjem til kort?


 

Mange trur det er slik. Kan hende fordi det kan vera behageleg å ha dette med tru som eit håplaust prosjekt. For er det uoppnåeleg, det me har av mål og meining, kva er då vitsen med å tru?


 

Så høyrer me lese frå Skrifta at det korkje er utilstrekkjelegheit eller skam me skal dømmast for. Ikkje skal me dømast for det me måtte ha av gnagsår i sinnet av heller. Ikkje noko av dette skal me dømmast for – men noko langt verre.


 

Det Gud bryr seg om når han bryr seg om oss, er korvidt me står i trua eller om me fell ifrå. Det er det som er saka, det er det som er spørsmålet i dommen. Slik står Gudsordet skrive hjå brevet til Hebrearane i det tredje kapittel:


 

Se til, søsken, at ikke noen av dere blir ond og vantro i hjertet og faller fra den levende Gud. Dere skal heller oppmuntre hverandre hver dag, så lenge det heter i ”i dag”, så ingen av dere skal la seg bedra av synden og bli forherdet. Vi har jo del i Kristus, så sant vi helt til det siste holder fast på det grunnlaget vi hadde i begynnelsen.

Kva høyrer me vel ikkje her, anna enn noko om å halde fast på det me fekk i starten. Det er nok, det me fekk i starten. Uansett kor mykje me måtte la rulle på oss av skuld og skam, av forsømmels og fordømmels.


 

Grunnlaget er nok. Det skulle bli så det held … berre det ikkje skjer med oss som me vart advart imot:

- Å bli ond i hjarta.

  • Bli vantru i hjarta.

  • Falle ifrå den levande Gud.

  • La seg bedra av synda.

  • Bli forherda.


 

Det er dette som er farleg. Ondskapen og vantrua i hjarta er farleg. Fråfall frå Gudsnærværet er farleg. Bedraget i synda er farleg og forherdelsen like eins.


 

Men kvar skal me gjera av oss sjølve oppi dette? Kva med syndene våre som me gremmes over, kva med skammen som stadig dukkar oss under i depresjon og mindreverd, kva med alt me manipulerer oss sjølve til å ha av dårleg samvit for all verden?


 

Veit de: Dette skal me la liggja i ro. Eller me kan bekjenne og gjera opp og ta imot frå den Gud som ventar oss når me kjem tilbake, som me høyrde i Jesaia-leseteksta for i dag:


 

Nå skal de vende tilbake, de som Herren fridde ut.

De kommer til Sion med jubel, med evig glede om sin panne. Fryd og glede skal nå dem igjen, sorg og sukk skal flykte.

Jeg er den som trøster dere.

Hvem er da du som frykter mennesker som må dø, menneskebarn som visner lik gress?


 

Kva handlar det om på domssøndagen – anna enn dette å skille mellom gagneleg og livsnødvendig, mellom manipulert samvittigheit og forherdelse.

Så blir det ståande for oss menneskelege menneske i alt me slit med og gledes over: Vegen til Herren er fri, den er open, - sett på spissen: Gudsvegen er like grenselaust vid som ein viss permittert prest i Vålerenga vil ha det til. Eller vidare – om me skulle ta Gud på ordet og sjå for oss kva som skjer når fryd og glede måtte hente oss inn att.


 

Men kva så med dommen over vondskapen? Ja, den skal bli og den skal stå fast, som me seier i trusvedkjenninga om han som skal koma att derifrå for å døma levande og døde.


 

Då skal han skjera igjennom og renske ut alle dei iblant oss som var onde og vantru i hjarta. Dei blant oss som fall ifrå den levande Gud. Dei blant oss som lot oss bedra av synda så me vart forherda.


 

Det skal bli underleg å sjå. Enn så lenge er det underleg å skulle fylgja med på noko av den såkalla samfunns- og kyrkjedebatten. Det kan synast som om dei som skrik høgast om kjærleg Gud og grenselaust generøs kyrkje har mista av syne den kjærlege Gud som dei forfekter. Mykje av det som blir sagt vitnar om sjølvbedraget som det å bli bedratt av synda fører med seg.


 

Det å falle ifrå den levande Gud er ikkje berre-berre. Me er hermed advart. Og me er oppmuntra – til å oppmuntre kvarandre så me held fast i trua slik Gud held fast i oss.