Søppel og svineri

- Når eg er ute og går og syklar, tar eg alltid med meg plastpose i tilfelle eg finn søppel, glas, boksar eller flaskar, fortel Synnøve Aukan Meisingset frå Øvre Surnadal. Etter berre 3 turar fant eg alt dette! - Å tenkje på at folk kastar så mykje rett ut av bilvindauga er både skremmande og trist!

 

Søppel 1_690x518.jpg

- Alt dette søppelet er stygt og farleg for både miljøet, og - ikkje minst - for dyra som går på beite ved vegane!

94707042_512926259583598_3189384813555482624_n_690x920.jpg
På ein 5 km lang tur fylte ho ryggsekken og to bereposar med flasker og anna søppel! Folk har for små bilar når dei ikkje har plass til tomgodset sitt!

94887664_582287685714523_8803968076673449984_n.jpgEg prøvar å gjera dette kvart år, og finn desverre kjempemykje kvar vår, som du blant anna kan sjå på bildet ovafor frå 2016.

Ho oppfordrar alle til å plukke med seg det dei finn, og ikkje minst:

Slutt å bruke naturen som søppelbøtte!

Trollheimporten oppfordrar alle til å gjere sitt for at Synnøve skal få minst muleg oppi posen sin neste gong!
94880105_2753661568196441_6894231815062552576_n_690x920.jpg
Synnøve Aukan Meisingset er koronnaheime frå skulen ho går på, Kongshaug Musikkgymnas ved Bergen. Der har ho piano som hovudinstrument, men det blir truleg orgel neste år. Kanskje ender ho opp som organist!

Alle foto er privat.