
Søramerikansk i Todalen
Sist onsdag innførte Todalen si nye lokale «Grunnordning for hovudgudstenesta». Den er nokså lik den «gamle» liturgien som alle kjenner. Dei få endringane vil ein kjenne att i nokre tekstledd –samtidig som den kjende ordlyden i t.d. «Fadervår» er teken vare på. Sjølve starten av gudstenesta er annleis, og dessutan er rekkjefølgja av nokre ledd forandra. Melodiane i liturgien er ikkje endra.
No blir det spennande å oppleve korleis denne faste grunnordninga vil fungere saman med latinamerikansk lovsong og rytmisk musikk – kanskje også med danseinnslag!
Vikar Dag Øivind Østereng gjer presteteneste og er hovudliturg. Ein god del oppgåver ligg også til klokkar – no kalla «medliturg» - Ildri Sjøland Øyen.
Klart for ei ny gudstenesteoppleving på fleire måtar i Todalen kyrkje søndag kveld altså!
![]() |
![]() |