Soknerådet skal styre lokalkyrkja!

SOKNERÅDET SKAL STYRE Illustrasjonsfoto Gudst Stangvik foto BGB.jpg

Gratulerer, nye og gjenvalde representantar i sokneråda! De er betrudd viktig juridisk og demokraktisk rett og ansvar - til å gjera kyrkjelivet på heimstaden godt for eigarane. Og eigarane, det er alle døypte i bygda.

Dette er det stadig viktig å minne om! Meir enn nokon gong synest det nødvendig å understreke nettopp den lovfesta strukturen i kyrkjedemokratiet. Det er nemleg ikkje slik mange synest å tru, at lokalkyrkja er styrt av ein kyrkjeverje og eit fellesråd. Tvert imot: Det er det folkevalde soknerådet (menighetsrådet) som er rettssubjekt, som innehar den juridiske makta og som først og fremst skal bestemme på vegner av folket i soknet.

Ei god praktisk ordning er at det demokratisk valde soknerådet har delegert visse oppgåver til fellesrådet (ordning frå 1997). Slike oppgåver er finansiering, personalansvar og drift av kyrkjer og kyrkjegardar. Fellesrådet består av utsendingar frå sokneråda. Kyrkjeverja ser til at daglege oppdrag blir utført.

Lovverket seier at presten har hovudansvar for gudstenester, dåp, vigsler og gravferder. «Utover det ligger den kirkelige myndighet på lokalplanet til soknet, representert ved menighetsrådet (soknerådet) og fellesrådet ... Menighetsrådet treffer avgjørelser og opptrer på vegne av soknet når det ikke er fastsatt i eller i medhold av lov at myndigheten er lagt til kirkelig fellesråd eller et annet organ.»

Føremålet (§ 9 i Kyrkjelova): «Menighetsrådet skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv i soknet, særlig at Guds ord kan bli rikelig forkynt, syke og døende betjent med det, døpte gis dåpsopplæring, barn og unge samlet om gode formål og legemlig og åndelig nød avhjulpet.»

Konkretisert vil dette seie å ta ansvar for bl.a. gudstenestelivet, opplæringstiltak for born og konfirmantar, omsorg, evangelisering og kyrkjemusikk. Soknerådet bestemmer utleige av kyrkja, kyrkjeofringar og «forvalter de midler som blir samlet inn». Det har altså sentrale plikter og rettar.

Men dette lokale demokratiet må vernast. Det er under press på fleire måtar. På nasjonalt nivå signaliserer Kyrkjerådet flytting av makt frå både sokne- og fellesråd. Lokalt må ein sørgje for at fellesråd og kyrkjeverje forheld seg til sokneråda med respekt for dei som folket har vald til å styre kyrkja si.

Å informere om dei nemnte rollene er særs viktig når nyvalde sokneråd no trer i funksjon. Betre enn før må ein sørgje for at maktstrukturen i lokalt kyrkjedemokrati får fungere slik meininga er.

Dette vil kanskje kreve ny gjennomtenking av forholdet mellom råda. Ikkje minst må vi bevare opne og kontrollerbare rutiner som hjelper sokneråda til å utøve sin rett og skjøtte sine oppgåver slik dei vil og skal.
 

Lykke til!

Bernt G. Bøe



ILLUSTRASJONSFOTO Konfirmasjonsgudsteneste Stangvik kyrkje