Henning nonstop_300x400

«Sola e komma» til Vårsøghelga!

 

«Sola e komma» til Vårsøghelga!
Onsdag 15. mai 2013 skin sola i Vårsøglandet. Da slepp Vårsøg si andre plate «Sola e komma» på CD,  i Vårsøghelgas opningsarrangement Ørasus!
Gruppa Vårsøg med Henning Sommerro, Knut Blekken og Johnny Gausemel vann Spelemannsprisen i klassen visesong i 1978, med plata «Sola e komma». Etter at debutplata «Vårsøg» kom på CD i 2012, blir denne plata no slept av Øra Fonogram i Vårsøghelga.
For å feire at «sola er komma» opnar vi Vårsøghegla 2013 med ei rekkje gode artistar frå Øra Fonogram sin store «artiststab», og med ikkje mindre enn fem cd-slepp(!). Det er duka for tidenes solfest i Vårsøglandet.  
 I spissen for det heile står surnadalingen og daglig leiar/produsent/teknikar for Øra Fonogram,
Jostein Ansnes.
Under Ørasus Surnadal kulturhus får vi høyre:
 
·      Helge Gravvold: Utflytta surnadaling Helge Gravvold er no ute med nok eit album, denne gongen inspirert av og med tekstar frå onkelen sin, Jørgen Gravvold.

 
·      Ingebjørg Loe Bjørnstad og Frode Haltli (http://frodehaltli.com/): Ingebjørg vaks opp i Surnadal, budde store deler av ungdomstida si i Stord og er ein vokalist med ein spesiell og mangfaldig stemme. Ho er no klar for med sitt første album «Hæm» som ho har spela inn saman med Frode Haltli. Frode Haltli er ein av vår tids fremste musikarar på trekkspel, har vunne Spelemannspris, har sju NM-titlar og er internasjonalt anerkjend for sin samtids- og improvisasjonsmusikk.
 
·      Mattis Kleppen – slåttar frå Telemark: Ein oppvekst mellom slåttespill i Bø og bluesmusikk i Notodden har bidratt til at jazzbassisten Mattis Kleppen har vorte ein sentral figur i Trondheims jazz- og bluesmiljø. Kleppen har spilt i en lang rekke band og har dei siste åra jobba som kunststipendiat med fokus på slåttar frå Telemark, Senegal/Mali og Missisippi.Han slepp den nye plata si med slåttar frå Telemark under Vårsøghelga.
 
·      Hans Bollandsås: Hans gikk til topps i X-Factor i 2010, og vann landskappleiken i bluesgitar på Notodden same året. No gir han ut den første plata si på trøndersk: Radioglyserin. Singelen "Litt forelska i mæ" er ein av dei mest spela songane på radio det siste halve året.
 
·      Heidi Skjerve og John Pål Inderberg: Heidi Skjerve gir ut "Vegen åt deg". Heidi og superband har vore på leit i dei trønderske skogane og funne svingande slåttar, sakrale salmar, viser og vakre dikt. Vi presenterer dei med stor respekt for lokale utøvartradisjonar. Plata har fått strålande mottaking frå ei samla norsk presse.