Eidsvåg 2_350x243

Solid av Bjørn Eidsvåg og gnistrande band

Med eit fantastisk band i ryggen, leverte Bjørn Eidsvåg ein gjennomsolid konsert i Surnadal Kulturhus søndag kveld. Blandinga av profesjonell rutine, speleglede, humor, alvor og ei lang repertoarliste med velkjente melodiar, sørga for ståande applaus frå ein nesten fullsett sal.

Bjørn Eidsvåg sitt ferskaste album, "Rundt neste sving", kom i butikkane i november, og i løpet av ein knapp månad selde det 150.000 eksemplar. 57-åringen har oppnådd ein enorm popularitet, og har ikkje berre klart å behalde sine gamle fans. Han når også nye generasjonar - mellom anna gjennom samarbeid med Lars Vaular, Thomas Dybdahl og P3-programmet Radioresepsjonen.

Storstuå i Surnadal Kulturhus var da også nesten utselt da Eidsvåg entra scena og serverte rundt halvannan time med kjenningar som "Ingen vei tebake", "Bare en mann", "Rundt nestte sving", "Mysteriet deg", "Floden", "Vertigo", "Skyfri himmel" og sjølvsagt "Eg ser".

I tillegg til at songane høg kvalitet i seg sjølv, fekk dei eit ytterlegare løft av Eidsvåg sine medmusikarar. Anders Engen (trommer), Bjørn Holm (bass), David Wallumrød (tangentar) og Geir Sundstøl (gitar, diverse strengeinstrument, munnspel) er storarta instrumentalistar og koristar. Dei er eit botnsolid komp som fargelegg melodiane med elegante detaljar, i tillegg til at Wallumrød og Sundstøl serverte soloar som skifta frå det vàre og dempa til det gnistrande og rocka.

Eidsvåg sjølv hadde kanskje ein "vanleg dag på jobben", men gjorde det med stor respekt både for melodiane og for publikum. Konserten vart krydra med betraktningar og anekdotar, og Eidsvåg lot seg ikkje affisere av at leidningen til kassegitaren hans svikta før framføringa av "Skyfri himmel". Da vandra han berre heilt fram på scenekanten og song balladen heilt utan mikrofonar og forsterking - til stor applaus frå publikum.