Solidaritet i Bøfjorden

Barnegruppa Amigos i Åsskard avslutta vårsesongen med solidaritetstreff søndag. Mange tusen kroner vart samla inn til skulebarn i Ecuador gjennom eit flott familiearrangement.

Rundt 80 små og store var frammøtte i gymsalen på skulen da diakon Aud Brynhild Indset fortalte om si tid som lærar i Ecuador. Riktig levande vart det da ho kledde ut Ine Marie og Syver som ecuadorianske barn!

Amigos-leiar Bodil Kvam Aasbø synte film frå landet og appellerte til gjevarinnsats for ein venneskule med fattige barn der.

Etter song av Amigos-barna var det «sponsor-løp» rundt skulebygningen. Foreldre, besteforeldre og andre sponsa kvar runde med eit visst beløp. Og her mangla det ikkje innsats. Somme tilbakela over 20 rundar kring huset, og pengane strømma inn.

Saft og kaffe med tilbehør smaka fortreffeleg i det vakre sommarveret.

Rundar med lykkehjulet avslutta programmet – med gevinstar gjevne av bl.a. Acta Normisjon, Ringo, Apoteket og Notabene.

Slik skaffa Amigos over sju tusen kroner til jamaldringar i Ecuador i løpet av eit par timars hyggetreff. Ikkje verst!

Solidaritet A Sponsorløp Foto Randi V Bøe (690x442).jpg

 

Stor innsats i sponsorløpet rundt skulehuset! Foto: Randi V. Bøe

Solidaritet B Syver og Ine M Foto Randi V Bøe (690x637).jpg
Populært da Aud Brynhild kledde Syver og Ine Marie i ecuador-drakter! Foto: Randi V. Bøe

Solidaritet C Amigos syng Foto Bernt G Bøe (690x470).jpg
Vertskapet Amigos song fleire fine songar. Foto: Bernt G. Bøe

Solidaritet D Lykkehjul Foto Nora V Bøe (690x496).jpg
Lykkehjulet var populært og spennande! Foto: Nora V. Bøe.

 

Innsendt av Bernt G. Bøe