
Solidaritetskafè på Mo oppvekstsenter
Fredag 30. mars 2012, klokka 0930 – 1130 ønskjer vi foreldre og føresette, besteforeldre, tanter, onklar, naboar – ja alle som har fri og høve til å vere med oss på Solidaritetskafè. Skulen inviterer altså heile Mogrenda til ei triveleg stund i gymsalen med allsong, program med elevar, stort loddsal og ikkje minst ei lang økt med kaffi, saft og litt å bite i.
Bakgrunnen for dette er at vi syns det er kjempetriveleg med besøk, og sjølvsagt at vi treng pengar til fadderbarnet vårt gjennom Plan Norge.
Dette er ein viktig og langsiktig del av solidaritetsarbeidet vårt på Mo oppvekstsenter. – Og det forpliktar!
På denne måten kan vi vise i praksis at ein liten innsats frå vår side, kan gjere ein stor skilnad for eit fattig barn i Afrika.