Sissel Krangnes varn

Som eit badebasseng rundt huset

– Det er som eit badebasseng rundt huset. Frykta er at alt vatnet skal kome inn, seier Sissel Krangnes i Surnadal. I fleire nordmørskommunar er det enorme mengder overflatevatn no, melder NRK Møre og Romsdal.

- Eg har ikkje sett så mykje vatn rundt husa som no, sier Sissel Krangnes, som her har vore fotograf.

Fleire i Surnadal, Sunndal og Rindal har fått vatn i kjellarane sine dei siste dagane. NVE varslar store nedbørsmengder i Møre og Romsdal og Trøndelag i morgon - sjekk dette her. Både kommunar og bedriftene som tørkar og ryddar opp etter flaum, er difor budd på mykje vatn. Surnadal kommune jobbar i dag på spreng for å hindre flaum.

– Heile kommunalteknisk avdeling er ute på oppdrag for å ta hand om vatnet og sørgje for at det ikkje går inn i kjellarar, seier Inge Skogheim til NRK møre og Romsdal. Han er kommunalsjef i Surnadal. 

Badebasseng
Sissel Krangnes er ein av bebuarane i Surnadal som er redd for alt vatnet. Ho bur på Øvre Sylte og har aldri sett så mykje vatn rundt huset som no.

– Eg veit at dei som budde her før har opplevd å vasskadar. Difor er eg bekymra no, seier Krangnes. Les heile saka hos NRK Møre og Romsdal her.

Ho beskriv jordet som eit badebasseng. Dei har prød å grave grøfter, men det hjelp lite.

– Det er tele i jorda, så vatnen vil ikkje renne unna. Eg tenkjer at dette er kritisk, seier Krangnes.