Sommarmesse Bøkleppnausta a

Sommarmesse i sjøkanten

Eit halvt hundre samla seg til årets sommarmesse i Bøfjorden søndag. Det vart ei fin oppleving av naturen som gudstenestearena. 

Bildet over: Kristin Strand forrettar messe i flott natur på historisk kulturmark.

Innleiingsvis fortalte leiaren i Bøfjorden Historielag litt om det historiske landskapet rundt messeplassen Bøkleppnausta. Ved neset like innafor ligg Båtvika, eit fjordkryss og trafikknutepunkt i gamle dagar. Der var handel og gjestgiveri til midt på 1800-talet. Mange gravhaugar frå bronsealderen fortel at Båtvika hadde enorm status for 2-3 tusen år sia.

Turmål og legender
Litt nærare ligg turmålet Trodalen – fråflytta markagard med rik historie, eksempelvis om Mannbjønnen på 1700-talet og om skiferbrotet med 15-16 arbeidsplassar for 70-80 år sia.

Gardar og husmannsplassar som Grava, Mosesholet, Breivika og Lykkjå vart også omtala. Frå sistnemnte plass stammar mykje av befolkninga i Bøfjorden – som etterkomarar av legendariske Jørri og Gammel-Ingbrekt «Lykkjån».

Bøkleppnausta var også husmannsplass til inn på 1900-talet. Tufter etter fjøs og stue er godt synlege – ja, stua står den dag i dag på Bølandet (gamle «Sommarro»).

Preg av tradisjon
På ein slik plass får historie og miljø også prega gudstenesteramma. Mot fjorden eit kors av bjørk. Altaret fundert på laksenotkaggar og med not-lin som antependium. To linekaggar, ein gammal vinsjmotor og ei mjølkeringje la attåt sine minne om strev og bruk til sjøs og til lands.

Liturgi og fellesskap
Ei gruppe frå koret «Prosjekt 17» førte an og la ekstrastemmer til salmesongen. Dei framførte også ein motett «bortafrå Englands-naustå», som dei gamle Bøfjord-fiskarane ville ha sagt – forutan ein islandsk hymne til avslutning.

Sokneprest Kristin Strand leia messa med stø hand. Som dagens preike let ho Jesus få ordet – gjennom den talande likninga om sønnen som rota det til for seg (og andre), men som fekk reise seg oppatt takka vere det avgjerande elementet i all gudstenestefeiring – nåde.

Gudsteneste er «folkets handling» til beste for fellesskapet. Nettop dette vart fint synleggjort ved at alle tok sin lille del av oppryddinga etterpå. På eit blunk var Bøkleppnausta rydda – og soknerådet slapp å slite i timesvis.

Denne strandmessa var ei god stund på alle vis!

Sommarmesse Bøkleppnausta b_690x351.jpg
Nokre frå forsamlinga som har sessa seg i strandbakken

Innsendt av Bernt G. Bøe
- sekr. i Åsskard sokneråd / og dagens organist