Tips 2: Trodalen
Sommartur i Surnadal
Turgåarar på veg til Trodalen følgjer same veg som skulebarna frå Bøkleppen brukte den tida dei måtte til Flessa for å gå på skule. Alle foto: Norunn Holten
Ruta for turen følgjer den idylliske, gamle skulevegen som gjekk mellom Bøkleppen og Flessa den tida ungane frå Bøkleppen måtte til Flessa på skule. Oppbygde murar frå denne tida er enno godt synleg enkelte plassar langs stien. I vårløysinga og i periodar med stor vassføring er fossen i Tjuvåa ei mektig oppleving. Når turgåarane passerer brua over elva nedanfor fossen, kan dei kjenne govet frå vatnet som styrtar utom berget i lia ovanfor.
Vi presenterer her dette turmålet som ein sommartur, men det er også muleg å dra til Trodalen på vinteren. Det er tidleg bart etter stien inn mot Trodalen, så sjølv om snøen ligg randheil på ekrene kring huset i Trodalen, kan det vera fint å gå dit til fots. Fossen du passerer på turen innover, er minst like imponerande i frosen stand!
Fakta om turen:
Stad | Flessen hyttesenter→Trodalen→Flessen hyttesenter |
Type tur | Vandring |
Gradering | Blå (ganske lett) |
Kulturminne |
• Den gamle skulevegen frå Bøkleppen |
Beskriving av kulturminne |
• Enkelte stader på stien ser du den gamle vegen som barna frå Bøkleppen gjekk etter den gongen dei måtte til Flessa for å gå på skule. |
Turbeskriving- trase’ |
Turen startar ved Flessen hyttesenter. Gå forbi hyttene ved parkeringsplassen og fortsett vidare utover langs stranda. Du kjem da etter kvart inn på ein godt merka sti. Følg den blå merkinga etter stien. Du kryssar ein skogsveg etter ei stund. Den blå merkinga går vidare på andre sida av vegen. Når du treffer på skogsveg for andre gong, tek du av til venstre og følgjer skogsvegen til du kjem til eit punkt der vegen deler seg. Der må du ikkje gå nedover, men følgje skilta rett fram mot Trodalen. NB! Ver obs på to punkt på turen. Både på tur utover og tilbaketuren er det eitt punkt det er lett å gå feil. På begge plassane kan ein feilaktig gå rett fram der stien svingar oppover. Det er tett mellom dei blå merkingane, så viss du oppdagar du har gått feil, er det berre få meter tilbake til den merka stien. Dermed er du fort på rett veg igjen. |
Startpunkt | Flessen hyttesenter. Ta av i krysset på Bele og følg skilting i retning Flessa/Flessen hyttesenter. |
Sluttstad/turmål | Flessen hyttesenter. |
Parkering ved startpunkt | Skilta parkeringsplassar ved hyttesenteret. |
Type underlag | Ekkerkant i strandkanten det første stykket, sidan skogssti. |
Stigning | Noko stigning i starten av turen, og noko mindre på tilbaketuren. Elles småkupert. |
Offentleg transport | Nei |
Spesielle forhold |
• Turen er merka, men ikkje skilta. |
Kart | Turkart: Fjordruta |
Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie.