Tips 5: Strengen
Sommartur i Surnadal
Låg haustsol silar solstrålar ned over Ålvundfjorden. Alle foto: Norunn Holten
Sidan Strengen kan nåast frå mange grender i Surnadal, vil mange kunne starte heimanfrå når dei skal gå dit. For dei som ikkje kjenner vegen, eller bur lenger unna og likevel må setje seg i bil, er Vang eit flott utgangspunkt for ein Strengentur. Det er lett å finne fram til startpunktet, og stien er godt merka. Den første delen av turen går i skogsterreng etter skogsveg og sti. Dette er etter vårt syn den tyngste delen av turen, kanskje fordi det blir meir å sjå når ein kjem lenger opp. Etappen blir likevel broten opp ved hjelp av naturlege rasteplassar undervegs, og ved at tufter etter bygningar frå gammel tid er merka med skilt. Litt stemningsfull «trollskog» går vi også gjennom!
Over skoggrensa opnar landskapet seg, og du kan sjå både ned til fjorden og ut over fjellheimen der Åsbøsnytå og Nordviksula reiser seg i framgrunnen. Du har også fullt utsyn til bygdene på andre sida av fjorden. Når du kjem til toppen, er utsikten flott i alle himmelretningar. Sjå bileta og la deg inspirere til ein Strengentur!
Fakta om turen:
Stad | Vang skiarena, Kvanne →Strengen →Vang skiarena |
Type tur | Vandring |
Gradering | Blå (lett ) |
Kulturminne | Liten grad |
Beskriving av kulturminne | Nokre tufter etter tidlegare bygningar blir passert langs stien. Desse er skilta. |
Turbeskriving- trase’ | Køyr til Kvanne og ta av på øversida av vegen opp mot Vang skiarena. Sidevegen er skilta og lett å finne. Oppe ved skisenteret er det ein parkeringsplass på øversida av vegen. Ved parkeringsplassen er eit skilt som viser «Strengen» godt synleg frå vegen. Frå parkeringsplassen er det mest umuleg å gå feil. Traseen er godt merka med blå farge, og på stader han deler seg, viser pilar riktig retning. |
Startpunkt | På øversida av vegen ved Vang skiarena. |
Sluttstad/turmål | Sluttstad: som startpunkt. Turmål: Toppen av strengen |
Parkering ved startpunkt | Ja |
Type underlag | Turen opp mot Strengen går på vekslande underlag: skogsveg og sti. Det er få blaute parti undervegs, og dei som finst, er små. Låge fjellsko bør halde som fottøy sjølv under våte værforhold. Ved tørrare vær er joggesko tilstrekkeleg. |
Stigning | På turen mot toppen går det sjølvsagt oppover stort sett heile vegen, men det er få parti med sterk stigning, Sett i forhold til at turmålet er ein fjelltopp, er stien opp dit relativ slakk. |
Total stigning | Ca 725 meter |
Offentleg transport | Nei. Privat skyss. |
Særskilte forhold | |
Kart | Fjordruta (1:100 000) |
Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie!