Tips 6: Syltnebba
Sommartur i Surnadal
Syltnebba gir flott oversikt over nedre delar av Surnadal. Alle foto: Norunn Holten
Da Trollheimsporten besøkte Syltnebba siste dagen i august, hadde over 2200 personar kvittert i boka på toppen. Sjølv med berre ein månad igjen av trimåret er dette mykje, og gjer Syltnebba til ein av dei mest besøkte turmåla i Surnadal. På grunn av den relativt store trafikken og det våte i veret i sommar er det ganske blautt etter stien, men det kan jo også vera ein fordel for den som er ukjent: Det er ingen tvil om kvar stien går! Uansett vil ein klare seg med låge fjellsko som fottøy.
Vi skildrar her turen til Syltnebba med startpunkt øvst i Rognpilvegen. Det er muleg å køyre enda lenger med bil om ein absolutt vil, men det er ikkje så mykje tid å spare på dette. Ca 10 minutt gange innover grusvegen er det ein bom, og her er det også ein stor open plass det er muleg å parkere på. Vi veit ikkje om denne lunningsplassen er i bruk, og korleis grunneigar stiller seg til at det blir parkert der.
Når det er klårver, kan ein få fullt overblikk over Surnadal heilt frå fjorden og langt oppover dalføret frå Syltnebba. Nærliggande fjell er Skjenna, Litlstrengen og Strengen. Dit kan ein også forlenge turen, om ein ønskjer det. Den dagen vi var på toppen av Syltnebba, var det dessverre både regn og skodde. Vi fekk erfare at dette var ein tur som er grei også i ruskevær, men vi fekk naturleg nok ikkje dei store utsiktsbilda frå toppen i skodda. Kanskje du har vore der i finvær og tatt flotte bilde? Da er vi veldig glade om du sender dei til oss, slik at vi får nokre fine utsiktsbilde også frå Syltnebba.
Fakta om turen:
Stad | Start der Beitvegen tek av øvst i Rognpilvegen i Vassendmarka→ Syltnebba → Tilbake til startpunkt |
Type tur | Vandring |
Gradering | Blå (lett) |
Kulturminne | Nei |
Beskriving av kulturminne | - |
Turbeskriving- trase’ | Turen startar ved parkeringsplassen som ligg der Beitvegen startar øvst i Rognpilvegen i Vassendmarka. Gå oppover Beitvegen til den deler seg: Der tek du til høgre. Fortsett oppover etter grusvegen. Etter ca 10 minutt gange kjem du til ein bom. Gå rundt denne og fortsett oppover etter grusvegen. Når du kjem til Skihytta, deler vegen seg igjen. Ta til høgre og fortsett til enden av vegen og du har toppen av alpinbakken rett forut. Da tek du av ein sti på venstre side av vegen (øversida). Fortsett etter denne til toppen av Syltnebba. Du kan gå same sti ned igjen, men vel du ein sidesti litt meir til høgre (aust) for den du kom opp, møtest vegane igjen ved Skihytta. |
Startpunkt | Starten av Beitvegen. Denne finn du øvst i Rognpilvegen i Vassendmarka. |
Sluttstad/turmål | Sluttstad: Som startpunkt. Turmål: Toppen av Syltnebba. |
Parkering ved startpunkt | Ja. |
Type underlag | Grusveg eit godt stykke oppover, sidan sti - som til dels er blaut. |
Stigning | Det er ganske jamn stigning på turen, men det er også enkelte flate parti. |
Total stigning | Nesten 560 meter mellom startpunkt og toppen av fjellet. |
Offentleg transport | Ikkje heilt fram til startpunktet, med det går bussar etter riksvegen mellom Skei og Kvanne som kan stoppe på Stormyra. Derifrå kan ein gå til startpunktet. |
Kart |
Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000) |
Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie.