Picasa

Barnekorkonsert i Rindal kirke

Song å ta med ut i vårveret

Dei som møtte opp i Rindal kirke tidleg onsdag kveld fekk med seg ei fin vårkonsert med barnekora Jubilate frå Surnadal og Salt & Pepper frå Rindal. "Gud, pass på vår jord", song dei til slutt. "Noko å ta med seg ut i våren", sa Elsa Jensvold.

Endeleg vart det noko av felleskonserten for dei to barnekora, sa Oddveig Helset Halle, som er kantor i Surnadal og ledar for "Jubilate". 

Dessverre fekk dei alt for få tilhørarar, - skal vi skulde på det fine vårveret?

Kora hadde kvar sine avdelingar med og utan soloinnslag. Dei hadde også fleire fellesnummer. "Det er gøy å synge høyt", jubla Salt &Pepper, leda av trusmedarbeidar Elsa Jensvold og Kantor Daniel Bjørlo.


Salt & Pepper


Jubilate