Songen steig

Songkvelden i Ranes kyrkje onsdag kveld gav sommarvarme i mange songglade songarar og publikum. Over 40 songarar og musikarar gledde publikum i 90 minutt!

IMGP5427-001.JPG

«No stig vår song» var overskrifta på konserten med kor og solistar i Raneskyrkja, og det fekk også publikum vere med på mellom dei ulike avdelingane, med tonefølgje av Oddveig Helset Halle på orgel, Christian Madauss, fløyte og Linda Humberset, trompet.

IMGP5392.JPG

Første avdelinga var med koret Wok frå Sunndal, eit svært godt møte! Dei opna med Asmussen/Johansons Scandinavian Shuffle før dirigent Lone Eines hadde soloinnslag i «Den fyrste song (Sivle/Sørås, arr.: Rasmussen). Egil Veddeng hadde solo i den karibiske tradisjonssongen «Shut de do».

Wok hadde ei avdeling til der dei først framførte den svenske salmen «Sommarpsalm», «En vänlig grönskas rika dräkt» av Wirsén/Åhlen. Så fekk vi oppleve den kjente «Blåklokkevikua» av Prøysen i eit spennande og utfordrande arrangement av Truls Waagø. Siste nummeret deira var «Fola, fola Blakken» arrangert av Ole Andreas Saue i Wok. Fint arrangement som vektla styrken i mannsstemmene. Blakken fann roa til slutt.

IMGP5402.JPG

Den andre gjesten utanfrå var barytonen Knut Iversen (med kone frå Øvre Surnadal). Han framførte dei tre Negro Spirituals «Steal Away To Jesus», «Nobody Knows» og «Deep River» med fin innleving. Han vart akkompagnert av Oddveog Helset Halle.

Dei to andre kora som deltok var Damekoret Credo og songkoret Tordenskjold.

IMGP5397.JPG

Damekoret Credo, med Oddveig Helset Halle som dirigent, kom masjerande inn med Geirr Tveitts «Velkomne med Æra». Etter «Å denne kilde» frå «Visst skal våren komme» av Eivind Skeie og Sigvald Tveit, fekk vi dalførets eiga salme, «Du er mi øy i havet», tekst Sverre Hatle til folketone frå Rindal.

IMGP5398.JPG

IMGP5415.JPG

Tordenskjold, med Elin Persson som dirigent, var kveldens største kor. Dei framførte 4 songar, «Laudate» (Nystedt), Jon Østeng Hovs tekst «Skal hilse fra fjellet» med melodi av Terje Rø, «Signore delle Cime» (Toppenes Herre) av Giuseppe di Marzi og til slutt ei flott framføring av «Gabriellas song» (Nilsson).

IMGP5415.JPG

Til slutt stilte alle songarane opp i eit stort felleskor med desse songane: «Bergmannssalme» frå «Vindens hjul» (Falkberget/Sommerro), «I denna ljuva sommartid» i arrangement av A. Öhrwall og «Brureslått frå Øre» arrangert av Henning Sommerro.

IMGP5429.JPG

Det vart ei mektig avslutning med så stort kor i Ranes kyrkje, og særleg sterk vart det når kor og publikum, trompet og fløyte avslutta ståande med sommarsalmen «Så grønn en drakt, så rik en duft!»

IMGP5427.JPG

Linda Humberset, trompet (over) og Christian Madauss, fløyte (under) deltok i akkompagnementet i lag med orgelet. 

IMGP5431.JPG