Picasa

Todalen kyrkje onsdag kl.19.30

Songkveld i Todalen

Den nye «Norsk Salmebok» er tema for songkvelden og kyrkjelydsmøtet i Todalen onsdag kveld.

Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor presenterer eit breitt utval av songar frå boka – både som korsong og i lag med forsamlinga. Mange folketonar frå Nordmøre har fått plass i boka – blant desse to frå Stangvik, ein frå Halsa og ein frå Rindal. Rindalstonen har nyskriven tekst av surnadalingen Sverre Hatle. Elles har som kjent Henning Sommerro tonesett mange av dei nye salmane.

Kora syng også annan kyrkjemusikk – m.a. av Handel, Beethoven og Mendelssohn.

Etter songstunda vil kyrkjelyden ta stilling til innføring av den nye salmeboka i Todalen sokn.

Bernt G. Bøe er kveldens kyrkjemusikar.