Forsterking: Sigrid V.Bøe
Songkveld i Todalskyrkja
- Onsdag kveld syng vi salmar og får korsong med litt attåt i Todalskyrkja! seier soknerådsleiar Ildri Øyen. – Både Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor blir med + forsterkning!!
Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor byr på levande kyrkjesong onsdag. Frå venstre Kari Sæther, John Moe, Kirsten Baadnæs Bøe, Nora Vetlseseter Bøe, May-Elisabeth Holten, Einar Husby, Inger Garthe, Øystein Moe, Liv Marit Polden og Randi Vetleseter Bøe.
Todalingane har nyleg fått i hus den nye salmeboka, og kora slår eit slag for den – med både nytt og kjent stoff. Dertil syng kora vakker musikk av ulikt slag – m.a. av Handel og Beethoven.
Organist Bernt Bøe vil pusse støvet av symbol og halvglømt innhald i både tekster og liturgi. – Somme songar nærmast ropar på iscenesetting, og det vil vi syne på enkle måtar, seier han. – Kanskje kan vi med små grep nytte salmeboka og musikken til å skape levande samlingar i kyrkja?
- Og soknerådet spanderer kaffe med litt attåt når songprogrammet er slutt, seier Ildri Øyen, som håpar mange finn vegen til Todalen kyrkje onsdag kveld.
Som forsterking til kora og som solist blir også Sigrid Vetleseter Bøe (t.v.) med på songkvelden. Ho er nemleg heime som snarast frå songstudia i Sverige. Sigrid var forresten klokkar i Todalen i 2006-2008, og ingen har nok imot at "gammelklokkaren" stikk innom ...
Innsendt av Bernt G Bøe