SONGRAUT


SONGRAUT

Denne oppskrifta stammar ikkje i frå Rindal, men den er i frå Oppdal.  Dette er Songraut.    
Ca. 10 liter H-mjølk som skal vere lunka.  Tek av ca. 8 liter som det skal tilsetjas osteløype. Dei 2   litrane som er att skal kokast opp i ein stor, vid kjele.
Bruk ause, og ta av så store og heile bitar som muleg av "den løypte mjølka" og legg den varsamt ned   i den kokande mjølka som heile tida skal småkoke. Småkok alt i 4-5 timar.  Den siste 3/4 timen kokar  1/2 kopp risengryn og 1 kopp rosiner med. Smak til med litt sukker. Hell "Songrauten" i store fat, strø  sukker og kanel på toppen, og server den kald til nysteikte vaflar.
 
Oddlaug  Løfaldli