Sopranen Sigrid
Pinsedag kl 16.30 er det songkonsert i Surna Bedehus. Nyutdanna sopran Sigrid Vetleseter Bøe framfører sitt eksamensprogram frå konservatoriet i Trondheim - med musikk av Grieg, Dvorak, Weber, Heise, Alban Berg, Puccini og fleire.
For fullt hus i Olavskvartalet oppnådde ho og akkompagnatøren Trygve Brøske ståande applaus under sjølve eksamenskonserten fredag. Dei gler seg til å møte mange sambygdingar i det flotte og tradisjonsrike lokalet på Surnadalsøra.
Ryktet fortel at Sigrid song seg til toppkarakter!