SOS frå sør

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon i 2009 set fokus på fattige menneske i møte med klimaendringane. Klimaaksjonen SOS frå sør, tek på alvor at fattige menneske sender ut naudrop om meir tørke, flaum og ekstreme vêrforhold. Tysdag 31. mars vil konfirmantar og andre bøsseberarar frå Rindal kyrkjelyd gå frå dør til dør og samle inn pengar til ofra for klimaendringane.
-
Flaumen i fjor var den største eg kan hugse. Vatnet steig her på øya og folk sat på taka og ropte på hjelp. Viss naturkatastrofane blir fleire og sterkare, vil det råke oss hardt, seier Asha frå Bangladesh, ein av mange som ropar SOS, og ber oss ta klimatrussel på alvor.
Medan vi i den rike delen av verda kan førebyggje og forsikre mot naturens øydeleggingar, står menneske i fattige land i fare for å miste alt når katastrofen råkar.
Difor går pengane frå fasteaksjonen i år blant anna til å gjere fattige i stand til å møte meir ekstremt ver. I flaumutsette område som Bangladesh inneber det blant anna treplanting, som hindrar at verdifull jord blir vaska bort når flaumen råkar. Dessutan blir hus sikra mot flaum og det blir sette i gang lokale krisegrupper som har ansvar for flaumvarsling og bergingsarbeid når katastrofen skjer.
Klimaendringar er tvinga stadig høgare opp på dagsorden i den vestlege del av verda, og Kirkens Nødhjelp ynskjer å markere at klimaendringar er et rettferdsspørsmål. Vi som bur i den rike delen av verda bidreg mest til endringane i klimaet og har derfor eit særleg ansvar for å lytte til SOS-ropa frå fattige menneske.
Ta derfor godt i mot bøsseberarane frå Rindal kyrkjelyd når dei bankar på døra di! Du kan og støtte aksjonen gjennom givartelefon: 820 44 088 (175 kroner) eller via kontonummer 1594 22 87493.
Les meir på heimesidene til Kirkens Nødhjelp!

.png)

