Soup 9B9X4828

Julehelsing frå surnadalsordføraren

Soup, soap and salvation..

 

Soup, soap and salvation..

Ei julehelsing frå ein ordførar kan fort komme til å dreie seg om kommunebudsjett. Eller kanskje vegar med hol i. Frose vatten kunne vere eit tema i år. Sjukeheimsplassar og legevakt er og noko som engasjerer mange av oss, bussruter og hamneutbygging likeså. Alt dette kunne fort vorte tema for ei julehelsing frå meg i år. Men nei..

 

Eg vil skrive om dei som sit nedst ved bordet. Dei skal vi aldri gløyme, sa Einar Gerhardsen. Det skal heller ikkje vi …

 

Are Veraas har i mange år vore ein trufast soldat for Frelsesarmeen. I haust fekk han tilbod om å vere sekretær i organisasjonen han har tent store delar av livet sitt. ”Ideologien og samfunnsengasjementet står nært hjartet mitt” seier han til TV2. Alt skulle ligge til rette for eit arbeid for dei som finn plassen sin nedst ved bordet… Slik vart det ikkje. Are sto fram som homofil. Attpåtil med kjærast, og vart ikkje ønska i armeen. Det skapa naturleg nok oppstyr og stort engasjement.

 

Det er heilt forkasteleg å bli nekta ein jobb på grunn av seksuell legning. Vi skriv tross alt 2013. Fleire gjekk ut og oppfordra til boikott av Frelsesarmeen for å syne sympati med Are, og for å markere motstand mot haldningane til homofile i eigne rekker.

 

Det har aldri vore så viktig å støtte Frelsesarmeen som no. Vi kan markere synet vårt og hevde prinsippa våre på mange vis. Men ein boikott av Frelsesarmeen rammar kun dei som sit nedst ved bordet, slik Gerhardsen sa. Suppe, såpe og frelse er grunnprinsippa i organisasjonen.

 

Vi må alle bidra til at dei trengande kring oss, får det dei treng aller mest. Om det er suppe, såpe, klede eller eit anna handslag frå eit medmenneske. No i førjulstida. Og elles i året.

 

Så får Frelsesarmeen heller sette frelsa litt på vent, gå i seg sjølv og tenke over haldninga si til dei i eigne rekker.

 

 

Eg vil ønskje alle ei god jul og eit fordomsfritt nytt år!

Mons Otnes

Ordførar i Surnadal