Speiderleir på Ytterøy

Øystein Folden sender oss siste rapport fra speiderleiren på Ytterøy.

Flotte leirdagar på Ytterøy

Sist laurdag var speidarleiren på Ytterøy over. Ei heil veke med leirliv gjekk over i riving av leir og heimreise. Utover ettermiddagen og kvelden kom det heim mange meir og mindre skitne speidarar. Kanskje blei det ingen utfyllande leirrapport å få før speidaren hadde fått ei heil natt i senga heime.
765 speidarar kan sjå tilbake på mange gode opplevingar, anten dei var speidarar eller leiarar. Veret var godt, alle har fått noko å ete, det var mykje program både av nyare og historisk variant og dagane gjekk unna. Dei som var der vil heile livet kunne minnast desse dagane som noko spesielt.
Siste heile dagen var marknadsdagen. Då har dei ulike gruppene og patruljane aktivitetar der andre kan få seg opplevingar. Hesteskokasting, frisør, fotbad og massasje, lappar i normale, grøne og raude variantar, saftutsal, karusellar, brettspel, sofasitting, spørjeboks der dei som svarar rett får premie og dei som svarar feil får ei bøtte vatn over seg. Temperaturen var høg nok til at feil svar var like freistande som noko anna. Nokre hadde gjort ein stor jobb heime i førebuing, andre var snarlaga i siste liten. Inntektene, eit femsifra beløp, gjekk til Partners som driv humanitært arbeid i Burma. I tillegg til speidarane var det også ei rad gjester frå Ytterøy og andre stader som fekk med seg denne delen av leirlivet. Leiren avslutta med felles leirbål fredag kveld. Dei som skulle reise tidlegast laurdag begynte riving av leirinnretningane sine fredagskvelden. Leiren er over, tilbake på Ytterøy er takk til dei som gjorde leiren mogleg.
 
 Bjarne Nordlund, til dagleg rådmann i Rindal, var sjef for matutdelinga.
 Ein leirmiddagsposjon var på 2496 fiskekakar, og alle 22 tun skulle ha eit tal
 fiskekaker avpassa til tal deltakarar og eventuelle spesialitetar med diett.
 Ca. 250 brød gjekk det med kvar dag.
 
 Speidargruppa frå Rindal satsa på svampekast under marknaden.
 Tonje Bjørnås tv og Liv Randi Haltli har ansvaret for marknadsføringa. 
 
 Det myldra overalt i leiren og særleg i hovudgata marknadsdagen.
 Tilboda var mange og speidarar gjekk rundt med reklame for sine tilbod.
 Mange gjestar utanfrå var og til stades.