
Spellemannpris til tidlegare NoFo-elev!
Som kjent sikra Surnadal og Rindal seg både direkte og indirekte fleire Spellemannprisar sist helg. Til dømes var produsent Jostein Ansnes frå Surnadal, teknikar Jo Ranheim frå Rindal og musikar Trygve Brøske frå Stangvik med på "Keramello" som Unni Boksasp Ensemble vann folkemusikklassen med. Klassiskprisen gjekk til TrondheimSolistene, der Anders Larsen er fiolinist og broren Steinar er dagleg leiar. Men også Kråkesølv (bildet), som vart kåra til årets popgruppe, har ein klar link til Surnadal!

Gitarist Fredrik William Olsen (t.v. på bildet) var nemleg elev ved Nordmøre Folkehøgskule i 2004-2005, fortel folkehøgskulen på si heimeside.
Kråkesølv frå Bodø vart starta i januar 2008, og det var andrealbumet "Bomtur til jorda" som sikra kvartetten Spellemannprisen i klassen popgruppe under utdelinga i Oslo Spektrum sist helg.

.png)

