Unni Boksasp[1]_350x350

Spellemannpris-vinnar til Surnadal

Unni Boksasp Ensemble - der surnadalingen Trygve Brøske er med på trøorgel - fekk nyleg Spellemannprisen 2010 i folkemusikklassen for albumet "Keramello". 1. april kjem dei til Surnadal Kulturhus for å halde konsert, og får med seg medlemmane i Koret (tidlegare Feltkoret) som gjesteartistar på fleire av songane.

Sjølv om Keramello er namnet på ein gamal geitelokk og ikkje ei obskur nordmørsk dialektform for karamellar, er den nye plata til Unni Boksasp Ensemble Keramello full av nettopp musikalske karamellar.

Ikkje berre er melodiane på plata handplukka perler frå den midtnorske folkemusikkarven. Ikkje berre har dei fått raffinerte og fengjande arrangement som gjer dei tilgjengelege og tiltalande for alle slags folk, på alle kantar av landet.

I tillegg er dei framført av seks karamellar av nokre musikarar. Landskappleikvinnar Unni Boksasp (song) er frontfiguren i gruppa. I tillegg bidrar Jorun Marie Kvernberg og Olav Mjelva (feler), Magne Vestrum (bass), Trygve Brøske (trøorgel) og Petter Berndalen (perkusjon) på det som til saman blir ei plate som ikkje berre har vunne Spellemannprisen, men også Folkelarmprisen for beste arrangerte folkemusikkplate 2010!

Høyr Unni Boksasp Ensemble her.

Billettar kan kjøpast på billettluka.no.