
Spennande plateprosjekt
Surnadalingen Ingebjørg Loe Bjørnstad jobbar i desse dagar med den første plata si! Dette er eit spennande prosjekt, der ho har skrive både tekstane og musikken sjølv. Alle tekstane er på surnadalsdialekt. Med seg på plata har ho trekkspelaren Frode Haltli som har aner frå Rindal og er ein anerkjend trekkspelar både i Norge og internasjonalt.
Ingebjørg Loe Bjørnstad i studio (Foto: Kjell Gunnar Polden)
Plata, som heiter ”Hæm” blir spela inn i Øra Studio i Trondheim. Studioet blir drive av Jostein Ansnes og Steinar Larsen, som begge er utflytta Surnadalingar.
Ingebjørg vaks opp i Surnadal. Ho flytta til Stord som 15-åring, og frå 2003 til 2008 studerte ho jazz og improvisasjon på Norges Musikkhøgskole. Frå 2010 til 2012 budde ho i Surnadal der mykje av låtmaterialet på plata vart laga.
Det å flytta tilbake til Surnadal der ho vaks opp, finna att språket og skriva songar på dialekt, har gjort at noko har falle på plass inni ho.
- Etter å ha budd på ulike stader i landet og slipa ned særpreget i språket for å gjera meg forstått, er det å synga på alle dei fine og spesielle lydane som finst i Surnadalsdialekta svært befriande og ei stor glede!, seier Ingebjørg Loe Bjørnstad til Trollheimsporten.
Ho underviser for tida på Griegakademiet i Bergen, Fana folkehøgskole og Kulturskulen på Indre nordmøre, og er innimellom timelærar på Nordmøre Folkehøgskule. Ho syng i ensemblet Små Grå og jobbar med dansar og søster Marit Loe Bjørnstad. Ingebjørg bur for tida i Bergen.
Plata kjem ut i vår, og den første smakebiten blir presentert under Vårsøghelga den 15. mai.