spettmeis første

Røvaren på TP TV

Spettmeisen - røvaren i telefonstolpen

Innimellom regn er det og fine dagar, som valgdagen mandag. Det visste eller brydde spettmeisen seg lite om, der han svinsa oppetter telefonstolpen i hagen min. Der førebur han vinteren i konkurranse med eit flaggspettpar. Mangt eit frø og ei nøtt er gjømt der. Sjå den ivrige spettmeisen på TP TV:

Vanleg hekkefugl
Spettmeisen er ein vanleg hekkefugl hos oss og liknar på ein liten røvar med det svarte bandet over augene.

Den er utbredt i låglandet frå Austlandet og langs kysten frå Oslofjorden til Trøndelag. Den er rundt 15 cm, og ein kraftig bygd fugl med kort stjert og påfallande stort hau og langt, meiselforma nebb. Oversida er blågrå, kroppssidene raudbrune og undersida kvit. Den har ein tydeleg svart strek gjennom auget.

Med hauet ned
Spettmeisen foretrekkjer lauvskog eller blandingsskog med rikt innslag av gamle lauvtre. Den fer mykje opp i trea og klatrar på loddrette stammar med hauet ned (sjå snutten nedafor etter telefonstolpen). Det er den aleine om blant norske fuglar. Den plasserer reiret i gamle spetthøl eller andre hulrom. Er hølet for stort, gjer den det mindre ved hjelp av leire.

Spettmeisen har ein kraftig stemme og brukar ulike former for sang, alle rytmiske. Territoriesangen er eit velklingande "pju-pju-pju...". Den lever av insekter, frø og nøtter. Dei 6-8 egga, kvite med rustraude flekkar, blir lagt i april-mai og ruga ut av hoa i 14-15 døgn.

Førebur seg på vinteren
Spettmeisen er standfugl og er her heile vinteren. Derfor førebur han seg til vinteren ved å gøyme på maten i sprekkene i telefonstolpen (sjå videosnutt under).

Tekst, foto og snuttar: Willy Karlstrøm

Klikk på bilda nedafor - sjå dei større og i serie:

 

spettmeis 1
spettmeis 2
spettmeis 4
spettmeis første
spettmeis s 1